Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:388 (2021-2022)
Innlevert: 17.11.2021
Sendt: 17.11.2021
Besvart: 24.11.2021 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): I Hurdalspalttforma er det slått fast at fiskerihavner skal tilbakeførast til staten. I Vestland har det vore ei svært vellukka verksemdoverdraging, og både fiskerihamner og fylkeskommune ønskjer å videreføre «eigarskapet» til hamnene slik dette i dag ligg.
Kan statsråden stadfeste at det vil bli gjeve opning for ei vidareføring av ei slik ordning der partane er einige om at dette er den beste løysinga?

Begrunnelse

Bømlo Fiskerihamn er gjennom god samhandling med Vestland fylkeskommune no i posisjon til å starte bygging i løpet av våren 2022. Dette er kome i stand gjennom ei privatfinansiert forskoteringsordning og eit samarbeid mellom fiskerihamna i Langevåg og fylkeskommunen. Fylkeskommunen har på si side bemanna opp avdelinga for å ta hand om fiskerihamnene i fylket, og har gjennom god planlegging greidd dette med små ressursar og utnytting av personell. Korkje fiskerihamna eller fylkeskommunen ser føremoner med at ansvaret no skal tilbakeførast til staten. Tvert om har overføringa til fylkeskommunen bidrege til å få fortgang i ein fastlåst situasjon for fiskerihamna som ein hadde då staten hadde ansvaret.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Som representanten Eskeland er kjent med, har regionreforma mislykkast med å overføre statlege fiskerihamenanlegg i halve landet. Denne situasjonen har dessverre ført til at viktige investeringar i fiskerihamnerelaterte tiltak har stoppa opp.
Kystverket avslutta vidare planlegging av fiskerihamnerelaterte tiltak i 2018, som ein konsekvens av regionreforma. Når regionreforma ikkje har lykkast med å overføre denne oppgåva til nokon av fylkeskommunane nord for Stad, har vi fått den situasjonen at verken staten eller fylkeskommunane gjennomfører slike fiskerihamnerealterte tiltak i desse fylkeskommunane, i alle fall ikkje prosjekt av eit større omfang. Sjølv om det føreligg planer for tiltak i Bømlo Fiskerihamn i Vestland fylkeskommune, er dette altså ikkje tilfelle for andre fylkeskommunar langs kysten.
Regjeringa meiner at denne situasjonen ikkje kan fortsette, og ønskjer derfor å gjeninnføre eit statleg ansvar for fiskerihamneanlegg.
Kystverket har sidan 2018 redusert plan- og utredningskapasiteten på fiskerihamnetiltak, da desse oppgåvene etter planen skulle overførast til fylkeskommunane. Etaten har framleis den nødvendige kompetansen, men kapasiteten må aukast. Regjeringa har allereie tatt grep, og foreslått å sette av midlar til dette i tilleggsnummeret til budsjettproposisjonen for 2022.
Vi arbeider no med korleis vi skal gjeninnføre eit statleg ansvar i praksis, og eg vil ta initiativ til ein dialogrunde med fylkeskommunane om dette. Dei føreliggande planane for tiltak i Bømlo Fiskerihamn understrekar betydninga av at vi kjem raskt i gang med dette.
Eg vil komme tilbake til korleis gjeninnføringa av det statlege ansvaret for fiskerihamneanlegg skal gjennomførast i praksis, etter at vi har vore gjennom den skisserte dialogrunden med fylkeskommunane.