Frank Edvard Sve (FrP): Kva vil statsråden gjere for å auke rammane til konfliktdempande tiltak til dei områda som har utfordringar med alle dei store rovdyra i Norge?
Begrunnelse
Dagens rovviltforlik legg opp til eit bestandsmål for jerv på 39 ynglingar årleg og ein estimert bestand på ca. 250 dyr.
Dagens bekrefta ynglingar for 2021 er på 60 og eit bestandsestimat på ca. 395 dyr. Beitenæringa fortvilar med svært store tap, og bestanden er vanskeleg å beskatte med normal lisensjakt. Tidlig nedsanking har ofte blitt brukt som avbøtande tiltak, men dette kostar dyrt for beitenæringa.
Det har vore eit problem med for lave rammer innan FKT midlar, ramme for konfliktdempande tiltak, som har gjort situasjonen verre for dei bøndene som frå før har svært store problem med rovdyr.