Skriftlig spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:412 (2021-2022)
Innlevert: 18.11.2021
Sendt: 19.11.2021
Besvart: 26.11.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Regjeringen har foreslått endrede avkortingsregler for uføretrygd. Uføretrygdede på VTA skal ikke bli berørt. Samtidig vil mange personer i liknende situasjon som deltakere på statlige VTA-tiltak bli berørt og få sine inntekter avkortet, fordi de deltar i kommunale tiltak og ikke statlige.
Vil statsråden sikre at også slike deltakere i kommunale tiltak blir omfattet av særreglene som gir fribeløp på 1G, slik at oppmuntringspenger ikke avkortes, og hva er provenyeffekten i 2022 av en slik endring fra 1.1.2022?

Begrunnelse

Sysselsettingsutvalget pekte på at personer som er fullt uføre med dagens regler ofte har lite å tjene økonomisk på å komme i arbeid. Uføre sitter i dag etter reduksjon av trygd og skatt bare igjen med i overkant av 20 pst. av inntekt over fribeløpet. Utvalget mente at dette kunne fungere som en barriere for å arbeide mer enn fribeløpet. Derfor anbefalte sysselsettingsutvalget denne endringen som Solberg- og Støre-regjeringen har foreslått, for å gjøre det mer lønnsomt å øke arbeidsinntekten på marginen for inntekt fra 0,4G til 1,2G.
For KrF er det viktig å understreke at personer på VTA står i en særstilling, fordi de har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. Uføretrygdede på VTA skal derfor ikke bli berørt av endringene, slik at de kan få beholde dagens særregler med fribeløp på 1G og deretter ordinær reduksjon.
KrF mener at det er helt urimelig at personer som Thomas Reine, omtalt i Nettavisen 17. november, som er på kommunale tiltak, skal behandles på en annen måte enn personer i statlige VTA-tiltak. Personer som Reine bør få ha en friinntekt på 1G, slik at de ikke opplever at oppmuntringspengene deres blir avkortet.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Det er riktig oppfatta at den regjeringa Ropstad var ein del av fram til 18. september i 2021 fremma det nemnde forslaget for Stortinget. Forslaget er eitt av Sysselssettingsutvalet sine tilrådingar.
Når uføretrygd blir innvilga, blir det fastsett ei inntektsgrense for kor høg inntekt ein kan ha utan at uføretrygda blir redusert. Grensa svarar i dag til den inntekta etter uførleiken som den uføre er forutsett å kunne skaffe seg ved å nytte restinntektsevna si, tillagt eit fribeløp på 0,4 G. Ved inntekt over den fastsette inntektsgrensa, blir uføretrygda redusert med ein prosentdel av den overskytande inntekta.
Omgrepet inntekt tyder her pensjonsgivande inntekt eller inntekt av same art frå utlandet. Varig tilrettelagt arbeid (VTA) er eit arbeidsmarknadstiltak som kan vere aktuelt for personar som mottek uføretrygd. Uføretrygda i VTA er der på heiltid. Dei har ei lita bonuslønn i tillegg til uføretrygda. For deltakarane i tiltaket blir bonuslønnen opplevd som ein viktig motivasjon og bidreg til å ha ein meiningsfull kvardag. Prop. 130 L (2010–2011) foreslo departementet difor at slik pensjonsgivande bonuslønn ikkje skulle føre til reduksjon av uføretrygda. Det er i dag ikkje praktisk mogleg for Arbeids- og velferdsetaten å kunne skilje ut slik bonuslønn frå anna pensjonsgivande inntekt. Personar som deltek i VTA har difor sidan 2015 i staden hatt eit fribeløp på 1 G, for sikre at dei som får ei bonuslønn som er høgare enn 0,4 G ikkje får ei reduksjon i uføretrygda.
I Prop. 1 S (2021–2022) vart det foreslått å erstatte fribeløpet med halvert reduksjon for pensjonsgivande inntekt opp til 1,2 G. Personar med gradert uføretrygd skal framleis kunne ha den inntekta som er fastsett ut frå restinntektsevna, og vil deretter få halvert reduksjonssats på overskytande inntekt mellom 0 og 1,2 G. Det vart foreslått å vidareføre dei gjeldande reglane for deltakarer i VTA, det vil seie fribeløp på 1 G og deretter ordinær reduksjon. Dei som i dag har eit fribeløp på 1 G er dermed ikkje omfatta av forslaget til nye reglar for reduksjon av uføretrygd.
Forslaget var på høyring i sommar. Fleire av høyringsinstansane foreslo å likestille personar som har kommunal tiltaksplass og arbeidsavtale om tilrettelagt arbeid med deltakarar i VTA. Det vart varsla av regjeringa Ropstad var ein del av, gjennom Prop. 4 L (2021–2022) at departementet vil vurdere dette spørsmålet vidare i eit eige løp.
Eg ser at denne skilnaden mellom kommunale og statlege tiltak kan verke urimeleg. Me jobbar no med å få oversikt over kor mange som har slike kommunale tiltaksplassar, kor høg bonuslønn dei har og korleis eit unntak kan rammast inn. Eg har per i dag ikkje grunnlag for å kunne provenyeffekten av ei slik endring. Truleg kunne dette vore unngått om Solberg-regjeringa hadde førebudd regelendringa betre.