Frank Edvard Sve (FrP): Vil statsråden oppmode sine eigne Sp og Ap styrte kommunar og fylkesommunar til å redusere straumprisane til eit forsvarleg, rimeleg nivå, og ikkje berre sende skyhøge straumrekningar til innbyggjarane?
Begrunnelse
Olje- og energiministeren har i tidligare svar ang behov for nye nettlinjer i Norge, at dette tydeligvis ikkje vert hasteprioritert. Derimot blir det vist til at elektrifisering av sokkelen er viktig for den nye regjeringa, og med eit faktum om at dette også vil tappe straumkapasiteten på fastlandet.
Det blir hevda at vannmagasina samla sett i Norge er svært lave og heilt ned mot kritisk grense.
Den 8/11 til dømes var straumprisen i midt og nord Norge ca. 22 øre, medan den for sør, vest og austlandet var 283 øre, samtidig sendte Norge ut av landet ca. 7040 MW med straum ca. halvparten til Sverige og resten til Europa. Det vert hevda at den Norske befolkninga får betale for kraftkrisa i Europa, og at dette kan vedvare gjennom vinteren.
Det vert også hevda at Norge selger straumen til Europa utan eiga avgift, og at dersom ein hadde teke ei avgift av dette til Europa, ville dette kunne gått til å subsidiere Norske forbrukarar direkte.
Norge er eit land med mange ulemper, både klima og geografi er krevjande, og burde kunne kompenserast med rimeleg straum til heile det Norske folket. Norge er ein kraftnasjon, og det vert hevda at dagens regjering berre gjev "smular" av tiltak når elavgifta vert kutta med berre nokre hundrelappar pr. mnd. for ein husstand, medan staten håvar inn milliardar på milliardar av kr i store overskot for både Statkraft og statnett.
Det vert hevda at Norge er eit av verdas rikaste land, men for kven? - når innbyggjarane må betale så høge straumprisar i eit land som renner over av energi.
Det vert og hevda at det er opp til eigarane av straumselskapa å styre når krafta kan produserast og det blir hevad at dei fleste eigarane av desse kraftverka er Sp og Ap styrte kommunar og fylkeskommunar, som skor seg på skyhøge straumprisar medan innbyggjarane får rekninga.
Det vert hevda at krafteigarane kan gje sine innbyggjarar rimeleg straum, i staden for å sko seg på folk flest sine lommebøker.