Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:488 (2021-2022)
Innlevert: 26.11.2021
Sendt: 26.11.2021
Besvart: 03.12.2021 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Er det eller blir det utforma nye mandat til komande og allereie starta diskusjonar og forhandlingar for norske forhandlarar i forkant av ministermøtet til WTO i november/desember?

Begrunnelse

30. november startar Verdas handelsorganisasjons (WTO) 12. ministermøte. Noreg sender ein delegasjon for å forhandla og diskutera på ei rekke område som innanlandske reguleringar, fiskerisubsidiar, WTO-reform, pandemihandtering, miljøvarer og landbruk.
Eit legitimt globalt regelverk for handel må stå for forbetring av livsvilkår, helse og livskvalitet for menneske over heile verda, og for klodens langsiktige berekraft. WTO har i dag etablert eit regelverk for verdsøkonomien som først og fremst tener store transnasjonale bedrifter på kostnad av nasjonale og lokale økonomiar, arbeidarar, jordbrukarar, urfolk, folkehelse og miljøet.
I Hurdalsplattformen står det at regjeringa skal «arbeide for at regionale og flernasjonale handelsavtaler sikrer grunnleggende standarder, klima- og miljøhensyn og arbeidstakerrettigheter, basert på den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILOs kjernekonvensjoner, som også kan bygges inn i globale handelsavtaler i regi av WTO» og «arbeide for at handels- og investeringsavtaler ivaretar det nasjonale og lokale folkestyret, og råderetten over naturressursene». Desse punkta representerer ein meir ambisiøs internasjonal handelspolitikk enn Solberg-regjeringane sin politikk.
Under dei tidlegare Høgre-leia regjeringane har norsk utanrikspolitikk blitt flytta vekk frå den raudgrøne regjeringa sine posisjonar gjennom handelspolitiske standpunkt - mellom anna på immaterielle rettar og utviklingslands moglegheit til å føra ein politikk som støttar eiga utvikling. Det er derfor nødvendig med nye mandat til den norske deltakinga på ministermøtet i WTO for å sikra at den nye regjeringa ikkje berre vidarefører den avgåtte regjeringas politikk.

Anniken Huitfeldt (A)

Svar

Anniken Huitfeldt: Som ein mellomstor og open økonomi har Noreg ei heilt grunnleggjande interesse av eit robust, globalt, regelbasert handelssystem. Det er avgjerande å ha eit sterkt multilateralt system som legg til rette for at internasjonal handel er rettvis og prega av likskap og openheit.
WTO er sjølve ryggraden i dette. Rammeverket i WTO sikrar våre interesser når vi handlar med andre land, og gir norsk næringsliv marknadstilgang og føreseielege vilkår.
Det er gjennom internasjonal handel vi skal skape velferd og vekst for komande generasjonar. Like og rettvise spelereglar for internasjonal handel er også avgjerande for at vi skal lykkast med berekraftsmåla.
WTO sin respons på pandemien var ei av hovudsakene på sakskartet til ministerkonferansen.
WTO treng ei heilskapleg tilnærming til korleis internasjonal handel kan stø det globale helsearbeidet og hjelpe til å auke produksjonen av vaksinar, legemiddel og medisinsk utstyr.
Det multilaterale handelssystemet må gi betre støtte til global helseberedskap. Alle delane av regelverket bør vurderast, inkludert immaterielle rettar (TRIPs). Regjeringa meiner eit tilpassa unnatak (waiver) frå TRIPs-avtalen kan bli del av eit kompromiss om WTO sin respons på pandemien. Regjeringa har derfor vedtatt at Noreg kan støtte eit unnatak for patentar på covid-19-vaksinar i dei vidare forhandlingane i WTO.
Det er viktig for regjeringa at handelspolitikken er inkluderande. Han må stø opp om grunnleggjande standardar, om arbeidstakarrettar, og hjelpe mot klimaendringane. Regjeringa har løfta fram dette i Hurdalsplattformen.
Mandatet som ligg til grunn for den norske delegasjonen til WTOs ministerkonferanse ivaretek desse omsyna. Ministerkonferansen måtte dessverre utsetjast på grunn av covid-19-situasjonen.