Liv Kari Eskeland (H): Har statsråden tankar om korleis ein kan sikre framtidig beredskap for medisinsk eingangsutstyr, og korleis ser ein at regjeringa kan bidra til at norske bedrifter også får ei rolle i det europeiske samarbeidet om slikt utstyr for også å kunne gje auka europeisk beredskap?
Begrunnelse
Beredskap for å møte krisesituasjonar er sett på dagsorden gjennom pandemien, og vi må enno nytte ressursar for å bekjempe denne. Pandemien har tydeliggjort at vi treng meir internasjonalt samarbeid og at Noreg er avhengig av å samarbeide med andre land for å dekke våre behov. I dei innleiande fasane av pandemien, opplevde vi at næringslivet tok grep, investerte i maskiner, utstyr og kompetanse for å sikre at vi kunne møte dei utfordringane som møtte oss. Eit eksempel på dette er bedrifta Uniqon Protection som på kort tid fekk etablert ein fabrikk for å produsere etterspurt åndedrettsvern.
Det kan synes vanskeleg å sikre langsiktige kontraktar for denne type bedrifter, og det er ein reell fare for at bedrifta no må stenge ned.