Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:590 (2021-2022)
Innlevert: 06.12.2021
Sendt: 06.12.2021
Besvart: 14.12.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Har statsråden oversikt over kor mange ferje- og hurtigbåtssamband dette gjeld, er det slik at fylkeskommunane no har blankofullmakt til å bestille nullutsleppsløysingar, mot at meirkostnader blir lagt til i overføringsramma både for investering og drift på land og sjøsida, og har statsråden ei oversikt over kostnadsbilete 10 år fram i tid sett i forhold til anskaffelstidspunkt for desse ferjene og hurtigbåtane?

Begrunnelse

Eg viser til budsjettenigheten mellom SV og regjeringspartia, verbalpunkt nr 1, der «Stortinget ber regjeringa legge til grunn at anbud i fylkeskommunal ferje- og båttrafikk så langt det lar seg gjøre skal baseres på nullutslippsteknologi, og kompensere fylkeskommuner for merkostnad knyttet til dette.»
Teknologien for ferjer og hurtigbåtar basert på nullutsleppsløysingar er no på plass.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Stortinget vedtok den 2. desember i år følgjande:
Stortinget ber regjeringa:

• "1. legge til grunn at anbud i fylkeskommunal ferje- og båttrafikk så langt det lar seg gjøre skal baseres på nullutslippsteknologi, og kompensere fylkeskommuner for merkostnader knyttet til dette"

Regjeringa har ikkje dei faktaopplysingane som det vert spurd om, men vi vil i lys av vedtaket skaffe slik informasjon. Vi vil følgje opp vedtaka frå Stortinget på vanleg måte og kome tilbake til den konkrete oppfølginga.