Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden leggje fram berekningar på dei forventa miljøutsleppa som kan bli ved ei mulig bygging av Møreaksen, både gjennom bygging av anlegget, drift av tunellane, og kva mengder CO2 utslepp vil kunne kome frå trafikken i anlegget med ein av verdas djupaste undersjøiske tunell meir enn 300 m under Romsdalsfjordenfjorden?
Begrunnelse
Statens vegvesen har planlagt å bygge ein av verdens djupaste undersjøiske tunell på prosjektet E-39 Møreaksen i Møre og Romsdal. Prosjektet legg også opp til kilometervis med tunellar utanom sjølve fjordkryssinga, samt bygging av omlag verdas lengste bru. Trafikken skal i tillegg førast gjennom Molde by med fleire planlagte rundkøyringar. Lastebileigarforbundet har berekna at ved eit vogntog på 50 tonn, berre i tunellen med 5 % stigning ved Møreaksen vil utslippa bli ca. 40 kg CO2. Med ein ÅDT på 2300 på strekninga Molde - Vestnes og med ein svært stor tungbilandel blir dette formidable mengder utslepp av CO2.
I tillegg vil den nye E-39 gå via Molde by der vogntoga skal ned i null og opp i fart igjen med bakgrunn i dei mange nye rundkøyringane som er planlagt i prosjektet.