Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:629 (2021-2022)
Innlevert: 09.12.2021
Sendt: 10.12.2021
Besvart: 14.12.2021 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kvifor vil regjeringa auke skattlegginga av rabatterte aksjar til tilsette når vi veit at dette er eit godt verkemiddel for å spreie kapital og redusere økonomiske skilnadar?

Begrunnelse

Medeigarskap handlar om bedrifter som er eigd av tilsette. Enten gjennom direkte eigarskap – der du eig aksjar personleg i bedrifta du jobbar i – eller indirekte gjennom kollektivt eigarskap for tilsette gjennom fond. Når tilsette er eigarar blir kapitalen spreidd på fleire hender. Dette kan både redusere økonomiske skilnadar og gjere bedrifter meir robuste.
Ser vi på utbreiinga av medeigarskap så ligg Noreg langt bak andre land. Delen aksjekapital som er i hendene til vanlege tilsette – det vil seie utanom toppleiing – er så lågt som éin prosent. Det er langt under det europeiske gjennomsnittet og tyder på at regelverket i Noreg i lita grad motiverer til medeigarskap. I 2021 kunne selskap selje eigne aksjar til 25 prosent underkurs til dei tilsette, og dei tilsette kunne få ein rabatt på inntil 7500 kroner utan at dette utløyser skatteplikt. Regjeringa Støre går no inn for at rabatterte aksjar til tilsette blir fullt ut skatta.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: I Prop. 1 LS Tillegg 1 (2021–2022), der regjeringa foreslår å avvikle ordninga for skattefri rabatt ved kjøp av aksjar til underkurs i arbeidsgjevarselskapet, står det at:

«Ordningen kan stimulere til at flere ansatte blir medeiere i arbeidsgiverselskapet. Prinsipielt er det imidlertid uheldig at avlønning i form av aksjer mv. skattefavoriseres fremfor ordinær kontantlønn. All avlønning bør skattlegges likt. Det er også uheldig at skattesystemet bidrar til at ansatte eksponeres for mer risiko, i den grad ordningen stimulerer til at flere knytter både lønnsinntekt og spareavkastning til samme selskap. (…) Det antas at ordningen i størst grad kommer høyinntektsgrupper til gode, og at avviklingen derfor bidrar til omfordeling.»

Statistikk indikerer at høginntektsgrupper i størst grad kjøper aksjar med rabatt frå arbeidsgjevar. At tilbod om aksjekjøp med skattefordel kan skje proporsjonalt med lønsnivå, kan også bidra til at dei med høgast løn har størst nytte av skattefordelane. Skattefritaket gjeld dessutan eit fritak for lønsskatt. Sidan skatten på løn aukar med inntekt, er verdien av skattefritaket størst for høginntektsgrupper.
Ved å avvikle ulike særordningar i skattesystemet som ein går ut frå at særleg kjem høginntektsgrupper til gode, aukar handlingsrommet for generelle skatteletter i botnen av inntektsfordelinga. Meirprovenyet frå å avvikle denne ordninga inngår i det samla skatteopplegget, der regjeringa blant anna har funne rom for auka personfrådrag og redusert trygdeavgift.
Avviklinga av ordninga må også sjåast i samanheng med at regjeringa vidarefører forslaget frå Solberg-regjeringas om ei ny opsjonsskatteordning, som er ei meir målretta særordning og meint å bidra til å oppfylle målet i Hurdalsplattforma om at fleire tilsette skal kunne ta del i verdiskapinga i oppstarts- og vekstselskap.