Olve Grotle (H): Korleis vurderer fiskeri- og havbruksministeren framlegg til «Forskrift om opptak og bruk av informasjon om bestemt angitte bunnforhold», og kva vil ministeren gjere for at sikre at fiskeri- og havbruksnæringa sine interesser blir tatt i vare og ikkje blir påført uforholdsmessige ulemper som følge av forskrifta?
Begrunnelse
I framlegg til «Forskrift om opptak og bruk av informasjon om bestemt angitte bunnforhold» legg departementet opp til eit regime kor botndata blir gradert som konfidensiell informasjon. Går ein fiskebåt litt på kryss og tvers over eit fiskefelt vil innhenta data bli vesentleg tettare enn 50 x 50 meter, sjølv med ei enklaste former for ekkolodd. Dette er heilt normal praksis for fiskarar når dei har ekkolodd kobla saman med kartplottarar frå f.eks. Olex og Furuno.
I lyst av at Kartverket i eit spleiselag med mange kommunar nå arbeider med å få kartlagt heile Norskekysten på denne måten (marine grunnkart), er det vanskeleg å forstå at Forsvaret vil blokkere for å ta desse målingane i fullt bruk i det sivile samfunnet. Dette er data som er av stor interesse for fiskerinæringa, skipsfart, havbruk, forvaltning, forsking og fleire.
Eit regime som forskrifta legg opp til, er i strid med politikken som allierte NATO-land legg opp til – kor det er full frigiving av kartdata som gjeld, mellom anna for å skape konkurransemessige fordelar til landa sine forsking- og næringsinteresser. Forsvarsdepartementet er òg på kollisjonskurs med FN si målsetting om betre kartlegging av hav og kyst – ei målsetting som Stortinget òg delar.
Ein kan ha forståing for at forsvaret kan ha behov for å skjerme mindre område for nøyaktige botndata, men å blokkere heile den norske territorialfarvatnet for nøyaktige karta og innsamling av slike, for å skjerme innseglinga av for eksempel Haakonsvern, framstår som ein uforholdsmessig inngripen i sivilsamfunnet og næringslivet sine interesser.
Forutan dei utfordrande politiske- og næringsspørsmåla framlegg til forskriften gir, reiser den òg utfordrande rettstryggleiksspørsmål. Dette både knytt til omfanget av bandlegginga, og ikkje minst korleis regelverket i praksis skal kunne handhevast når det langt på veg vil vere i strid med normal og nødvendig praksis for effektiv og rasjonell fiske.