Frank Edvard Sve (FrP): Kan olje og energiministeren forklare korleis det for ministeren er mulig å påstå at Norge bryter EØS lovgivninga dersom vi regulerer krafteksporten til utlandet, når eit EU land som Sverige faktisk regulerar straumeksporten til Norge?
Begrunnelse
I eit svarbrev på eit skriftleg spørsmål, frå underteikna, svarar Olje og energiminister Mjøs Persen at:
"Mjøs Persen frykter derimot at et eventuelt eksportstopp nå, vil kunne slå hard tilbake på oss senere gjennom motreaksjoner."
Dette hevdar altså Statsråden sjølv om det er eit faktum at Sverige som fullverdig EU medlem, faktisk gjennomfører reduksjon av eksport av kraft til Norge.