Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:664 (2021-2022)
Innlevert: 13.12.2021
Sendt: 13.12.2021
Besvart: 21.12.2021 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Næringsministeren opplyste på NRK radio fredag 10/12 (Dagsnytt 18) at regjeringa i samband med nye koronatiltak har laga ei kommunal kompensasjonsordning på 1,2 mrd. NOK som «er klar til å betales ut til bedrifter som trenger det over hele landet».
Er dette korrekt, og vil statsråden i så tilfelle sørge for at det blir mulig for kommunane å lyse ut og fordele desse midlane til bedrifter som er råka av omsetnadssvikt umiddelbart?

Begrunnelse

Næringsministeren sa følgande på NRK P2 Dagsnytt 18 fredag 10/12:

«Onsdag gikk vi ut med en kommunal kompensasjonordning på 1 milliard. Den ordningen har nå 1,2 milliarder som er klar til å betales ut til bedrifter som trenger det over hele landet.»

Mange bedrifter over heile landet, særleg i kultur-, serverings-, hotell- og utelivsbransjen, opplever no dramatisk omsetningssvikt som følgje av dei nye koronatiltaka. Bedriftene er i ein vanskeleg skvis fordi dei ikkje er pålagde å stenge ned - men i praksis ikkje har muligheit til lønsam drift på grunn av dei nye tiltaka. Den varsla lønskompensasjonsordninga er i så måte særs viktig, men vil uansett berre vere ei delvis løysing på problema bedriftene no kjem i. Det er difor heilt nødvendig raskt å få på plass både ei nasjonal kompensasjonsordning for faste kostnader, samt å få fordelt ut midlar til kommunane for å "treffe" bedrifter som fell utanfor dei breiare, nasjonale kompensasjonsordningane.
Det er i så måte positivt at regjeringa varslar at det står 1,2 milliardar klar til å betalast ut til bedrifter over heile landet via kommunane. Det er for meg likevel uklart kvar og når den siste milliarden av desse har dukka opp - og eg kan ikkje sjå at midlane er fordelt til kommunane slik statsråden seier at det no er klart for.
Eg ber difor Statsråden raskast råd oppklare kvar denne ekstra milliarden er, og kvifor han enno ikkje er distribuert ut til "bedrifter over hele landet" via kommunane når statsråden seier at pengane allereie står klare.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Regjeringa har varsla fleire kraftfulle tiltak for å avhjelpe næringslivet som følgje av smittverntiltaka. Ei justert kompensasjonsordning er eitt av fleire tiltak regjeringa har lagt fram. I tillegg gjeninnfører vi kompensasjon for tapt varelager, og vi har lagt frem forslag til ei lønnsstøtteordning. Vi vil gjera det vi kan for at folk skal behalda arbeidsplassane sine og at bedriftene skal kome seg gjennom denne perioden.
Regjeringa har no fordelt 208 millionar kroner frå den kommunale kompensasjonsordninga til 47 kommunar med høg del tilsette i serveringsbransjen, og som ikkje mottok kompensasjonsmiddel frå den same ordninga i oktober. Dette er kommunar som særleg rammes av redusert omsetning i julebordsesongen. Midla er frå beredskapsspotten som Stortinget vedtok 18. juni 2021 (Innst. 600 S (2020-2021). Midla kan derfor utbetalast raskt, og er eit strakstiltak frå den omfattande pakken med økonomiske tiltak som regjeringa vil foreslå for Stortinget, for å hjelpa næringslivet gjennom denne perioden med inngripande smittevernstiltak.
Den 7. desember 2021 varsla regjeringa eit forslag om å setja av ytterlegare 1 milliard kroner i beredskap i den kommunale kompensasjonsordninga. Fleirtalet på Stortinget ble den 20. desember einige om å tildele 500 millionar kroner til kommunane i nysalderinga. Regjeringa vil kome med forslag til Stortinget om vidare løyving.