Skriftlig spørsmål fra Henrik Asheim (H) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:678 (2021-2022)
Innlevert: 14.12.2021
Sendt: 15.12.2021
Besvart: 22.12.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Henrik Asheim (H)

Spørsmål

Henrik Asheim (H): Hva er begrunnelsen for at regjeringen foreslår å redusere arbeidsgiverperioden for koronarelatert sykefravær til fem dager fremfor tre dager slik det var fra 20. mars 2020 til 30. september 2021?

Begrunnelse

Med sterkt økende smitte og mange som risikerer å havne i karantene og isolasjon har flere arbeidsgiverorganisasjoner ment at arbeidsgiverperioden for koronarelatert sykefravær bør være lavere enn regjeringen har foreslått.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Smittesituasjonen er for tida krevjande og svært usikker, særleg på grunn av den nye mutasjonen omikron. Regjeringa har derfor sett seg nøydd til å innføre strenge smitteverntiltak. Både smitteutviklinga i seg sjølv og smitteverntiltaka er ei stor påkjenning for arbeidsgjevarar. Regjeringa har derfor varsla ei rekkje økonomiske tiltak, mellom anna for å bøte på påkjenningane for næringslivet.
Når me har vurdert moglege tiltak, har me sett på ulike alternative løysingar og forsøkt å balansere fleire omsyn. Me har òg vore i dialog med partane i arbeidslivet, som har kome med innspel om tiltak dei meiner verksemdene treng. Regjeringa har etter ei samla vurdering kome fram til at det igjen er naudsynt å redusere arbeidsgjevarfinansieringa for sjukefråvær på grunn av covid-19-pandemien, og har i denne omgang valt å redusere arbeidsgjevarar sitt finansieringsansvar til fem dagar. Med dei nye reglane vil arbeidsgjevarar berre betale sjukepengar i eit tidsrom på opptil fem kalenderdagar, inkludert dagar med delvis fråver. På same vis skal sjølvstendige og frilansarar få dekt utgifter til sjukefråvær på grunn av covid-19-pandemien frå og med sjette fråværsdag. Reglane får verknad for sjukefråvær frå og med 1. desember 2021 og fram til og med 30. juni 2022.
Med desse reglane vil arbeidsgjevarar, og også sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar, få dekt utgifter til store deler av sjukefråværet som dei normalt finansierer innanfor arbeidsgjevarperioden på 16 dagar. Tiltaka gjev med det kompensasjon for nokre av dei økonomiske ulempene som følgjer av smitteverntiltaka frå styresmaktene. På den måten medverkar dei også til etterleving av påbod og tilrådingar om smittevern og med det til å redusere smittespreiinga.
Regjeringa følgjer utviklinga tett og kjem til å foreslå endringar i ordningane på ulike område om det vert naudsynt.