Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:686 (2021-2022)
Innlevert: 15.12.2021
Sendt: 15.12.2021
Besvart: 21.12.2021 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan statsråden stadfeste at også Stord-Osloruta vil kome inn under regjeringa sitt minstekjøp av flyruter som vert drive på kommersielle vilkår?

Begrunnelse

Regjeringa har sendt ut pressemelding av 14.12.21, der det står føljande:

«Når det gjelder kollektiv- og togtrafikk har regjeringen allerede forlenget kompensasjonsordningene. I luftfarten, som har vært hardt rammet og nå får det enda tøffere, vil regjeringen komme med tiltak, f.eks ved at staten kjøper et minstetilbud der det i dag drives på kommersielle vilkår. Der staten i dag kjøper tilbud, såkalte FOT-ruter, vil reduserte inntekter bli kompensert.»

Staten si støtteordning for kjøp av flyruter på Stord-Oslo går ut ved årsskiftet. Gjennom perioden vi no har vert gjennom, har passasjertalet stige jamt ut over hausten. Men kraftige tiltak sett i gong av regjeringa dei siste dagane for å hindre smitte av Covid-19 merkes no på passasjertrafikken på denne ruta. Passasjerane treng tryggleik for at dei kan få tak i billettar også etter jul, og allereie no er næringsliv og private avhengig av å vite om dei kan få tur/returbillett Stord- Oslo på nyåret. Det hastar difor svært å få nødvendige, og langsiktige avklaringar for at ruta vert oppretthalde med den rutefrekvensen som i dag ligg inne. Viser til at Stortinget gjennom pandemien har hatt denne ruta som ei tydleg prioritering.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Regjeringa har i samband med innføringa av dei seinaste smitteverntiltaka varsla ei tiltakspakke som vil lette den økonomiske byrda for næringar som vert råka. I luftfarten kan eit tiltak vere at staten kjøper et minstetilbod på ruter som i dag vert drive på kommersielle vilkår, dersom det oppstår behov for det. Dersom regjeringa gjeninnfører minstetilbodskjøp på kommersielle ruter vil det vere naturleg å vurdere om flyruta Stord–Oslo skal innlemmast i kjøpet.