Skriftlig spørsmål fra André N. Skjelstad (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:701 (2021-2022)
Innlevert: 16.12.2021
Sendt: 16.12.2021
Besvart: 22.12.2021 av kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram

André N. Skjelstad (V)

Spørsmål

André N. Skjelstad (V): Vil statsråden sørge for at reiselivsbedrifter som blir råka av stort omsetnadsfall på grunn av bortfall av turistar utanfor EØS-området under COVID-19-pandemien, blir likt og rettferdig handsama uansett kva kommune bedrifta ligg i?

Begrunnelse

I fjerde tilskotsrunde av den kommunale kompensasjonsordninga for verksemder i særskilt utsette bransjar og kommuner, var fordelinga særleg innretta mot næringar i reiselivet der turistar utanfor EØS- området/Europa normalt er viktig for omsetnaden – ein omsetnad som brått fall vekk etter 12. mars 2020 og enno ikkje er komen attende.
Grossistbedrifta Folk engros AS på Skei i Sunnfjord kommune er eit godt døme på ei slik bedrift. Bedrifta sel varer til eigne og andre suvenirbutikkar over heile landet – i sterk grad til turistar utanfor EØS-området. Bedrifta sitt fall i inntekter er på nær 90 % som følgje av pandemien, frå ein omsetnad på ca. 30 mill. NOK i 2019 til ein omsetnad på under 3 mill. NOK etter 11 av 12 månader i 2021.
Det har naturleg nok sett bedrifta sin økonomi i ein kritisk situasjon – i likskap med mange andre tilsvarande bedrifter i heile landet.
Det er då eit stort paradoks at Folk Engros AS ikkje får høve til å søke om midlar frå fjerde tilskotsrunde av kompensasjonsordninga, på grunn av at ordninga er avgrensa til eit fåtal kommunar som har høg andel overnattingsbesøk frå gjestar utanfor EØS-området før 2020, samt dei fem største flyplasskommunane.
Sunnfjord kommune kjem ikkje i denne kategorien – og dermed får ikkje Folk Engros AS på Skei høve til å søke om midlar frå ordninga, sjølv om dei på alle måtar elles er heilt i kjernen av kva type bedrifter ordninga er meint å treffe.
Dette framstår for Venstre som djupt urettferdig. Det er bedriftene og næringslivet kompensasjonsordninga er meint å hjelpe – bedrifter skal ikkje straffast for å ligge i «feil kommune» når dei på alle andre måtar fell inn under formålet med ei offentleg støtteordning. Særleg paradoksalt er det at ein Senterparti-statsråd her har sørga for ei ordning der ei bedrift i ein storby som Bergen er innanfor ordninga, medan ei tilsvarande bedrift på ein liten stad i distrikta i same fylke (Skei), er utanfor ordninga.
Eg vil be Statsråden gjere greie for korleis denne urettferda kan rettast opp, og i tillegg sørge for at ein i framtidige tildelingar av kompensasjonsmidlar unngår å straffe bedrifter som treng hjelp fordi dei ligg i «feil distriktskommune».

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Stortingsrepresentant Skjelstad stiller spørsmål om den fjerde runden med fordelinga av midlar til kommunane, frå den kommunale kompensasjonsordninga. Til orientering blei fordelinga gjennomført under den dåverenda regjeringa, leia av statsminister Solberg.
Stortinget vedtok den kommunale kompensasjonsordninga vinteren 2021 (Prop 79 S (2020-2021), med eit stort kommunalt handlingsrom til å innrette eiga ordning i tråd med lokale behov. Ordninga skulle også vere ei ventilordning i tillegg til andre kompensasjonsordningar, som den generelle kompensasjonsordninga, og ikkje noko ein utan vidare har krav på. Kommunane har difor valt ulike måtar å innrette eigne ordninga på, og vedtek tilskot til enkeltbedrifter i tråd med eigne retningslinjer.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet forvaltar ordninga, og fordeler midlane til kommunane etter fordelingsmodellar som i stor grad nyttar tal på sysselsetting i bransjar som er særskilt utsette. Reiselivsnæringar, som serverings- og overnattingsverksemder, har vore ei viktig målgruppe. Fordelinga legg føringar på korleis kommunane skal fordele midlane vidare til bransjar, men kommunane har framleis rom for eigne prioriteringar. Fordeling frå departementet til kommunane er basert på objektive kriterium, og kan vanskeleg treffe alle kommunar like godt i kvar runde. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har til saman fordelt om lag 3 mrd. kroner til alle kommunane i løpet av 2021, slik at dei fleste kommunar har motteke vesentlege summar frå ordninga.
Alle kommunar har fått løyving frå ordninga. Det gjeld også Sunnfjord, som representanten syner til. Sunnfjord har fått meir enn 8 mill. kroner til å kompensere lokale verksemder. Det kjem i tillegg til dei nasjonale ordningane. Dette nyt òg verksemder i Sunnfjord godt av, som til dømes Folk Engos AS.
Flertalet på Stortinget er einige om å tildele 500 millionar kroner til kommunane i nysalderinga. Departementet vil så raskt som mogleg fordele midlane til kommunane. Regjeringa vil også kome med forslag til Stortinget om vidare løyving, og innretting av ordninga. Ordninga skal innrettast slik at den blir mest mogleg treffsikker, enkel og føreseieleg for næringslivet. Regjeringa har også motteke innspel frå partane i arbeidslivet og kommunesektoren om korleis den kommunale kompensasjonsordninga bør utformast, slik at den blir meir føreseieleg for næringslivet. Dette vil vi byggje vidare på i 2022.