Skriftlig spørsmål fra Erlend Wiborg (FrP) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:738 (2021-2022)
Innlevert: 19.12.2021
Sendt: 20.12.2021
Besvart på vegne av: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 12.01.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Erlend Wiborg (FrP)

Spørsmål

Erlend Wiborg (FrP): På hvilke områder har innvandrere (asylsøkere, flyktninger, arbeidsinnvandrere etc.) særfordeler innen offentlige ytelser, ordninger, lover/forskrifter, velferdstilbud etc.?

Begrunnelse

Fremskrittspartiet er imot forskjellsbehandling basert på kjønn, religion, legning eller etnisk opprinnelse. Derfor har FrP alltid kjempet imot særfordeler f.eks. innvandrere har. Fremskrittspartiet fikk som kjent avskaffet særfordelene flyktningene hadde i folketrygden knyttet til pensjon/trygd. Vi ønsker en helhetlig oversikt over hvilke andre områder innvandrere har særfordeler basert på at de er innvandrer. Dette kan være innen f.eks. utdanning, NAV, kriminalomsorg, ytelser etc. Vi ber om at så langt som mulig skal oversikten gjelde hele offentlig sektor, også kommunal sektor.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Denne regjeringa arbeider for mest mogleg universelle tilbod til innbyggarane. Me er mot usakleg forskjellsbehandling. Eventuell målretting av tenester må ha som formål å sikre at tenestene skal vere likeverdige.
Somme grupper kan i konkrete situasjoner oppleve «særulemper». Til dømes veit me at nyutdanna, uavhengig av etnisk bakgrunn, kan oppleve det som krevande å få fotfeste i arbeidslivet. Dei siste ti åra har me òg sett ei sterk auke i talet på unge uføre. Difor vil regjeringa etterkvart kome med framlegg om ein aktivitetsreform for unge uføre med ein jobbgaranti. Det er likevel vanskeleg å sjå det som ein særfordel for ungdom å få eit slikt tilbod. Det handler istaden om å fjerne særskilte hindringar som har vakse fram for ein del unge. Hindringane legg avgrensningar på desse ungdommane sine liv og gjer at me som samfunn går glipp av evnene og ressursene deira.
På same måte er det sjølvsagt døme der innvandrarar får særskilte tilbod retta mot dei.
Det gjeld til dømes ordninga med introduksjonsprogram med opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det er ingen som er født i Norge som har krav på å få vere ein del av dette programmet.
Same gjeld til dømes ordninga med busetting av flyktningar. Personar født i Norge vert ikkje busett av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet i samarbeid med kommunane.
Dette er forskjellsbehandling av innvandrarar. Dei får her tenester folk som er født i Norge ikkje får.
Eg vonar at Fremskrittspartiet likevel ikkje vil avvikle desse tenestene. Ei slik avvikling vil i så fall vere øydeleggjande for integreringa i Norge, og svekke arbeidslinja. Denne regjeringa vil at nyankomne raskt skal kunne kome i arbeid, slik at dei kan forsørge seg sjølv og tene det nye heimlandet sitt. Til samanlikning får folk født i Norge mellom anna gratis grunnopplæring for å oppnå det same formålet.
Det er mogleg at spørsmålet til representanten er utløyst av ei ordveksling han og eg hadde i samband med budsjettdebatten for kommunalkomiteen 16. desember i fjor. I hovudinnlegget mitt der tok eg opp at innvandrarar var ei prioritert gruppe i samband med politikken for arbeidsmarknadstiltaka i NAV, på linja med ungdom og langtidsledige. Representanten meinte då at «flere reagerer» på dette.
Eg vil påpeike, som i debatten, at dette er ei prioritering som har lege til grunn i svært mange år. Inkludert då Fremskrittspartiet sat i regjering sjølv. Tidlegare statsråd Robert Eriksson frå Fremskrittspartiet skreiv dette i det fyrste statsbudsjettet han hadde jobba fram sjølv, statsbudsjettet for 2015: «Ungdom, innvandrere fra land utenfor EØS-området, langtidsledige og personer med nedsatt arbeidsevne skal prioriteres ved inntak til arbeidsmarkedstiltak». Det same har alle andre statsrådar med ansvar for arbeidsmarknadspolitikken i regjeringa Solberg gjort, ei regjering som Fremskrittspartiet anten var med i eller støtta budsjettframlegga til. Eg legg difor til grunn at dette er ei prioritering som har brei, tverrpolitisk støtte. Eg kan ikkje sjå at dette er noko «flere reagerer» på.
På same måte som i dei tidlegare døma i dette svaret er denne prioriteringa meint å fjerne særulempene desse gruppene kan oppleve i arbeidsmarknaden, og særskilte hindringar som kan liggje foran dei: som ung, som innvandrar eller som person som har vore utanfor arbeid i lang tid.
Eg vonar at denne oppklaringa gjer at representanten vert rolegare på at denne regjeringa ikkje gjev enkeltgrupper særfordeler. Me kjem til å prioritere universelle velferdstenester, og me kjem ikkje til å akseptere at det veks fram større ulikskap i samfunnet vårt basert på særulemper.