Birgit Oline Kjerstad (SV): For å nå nasjonale mål om utsleppskutt, hastar det med å gjennomføre kutt i klimagassar frå båttrafikk.
Vil statsråden sikre at hybridiseringsprosjekta som offshorerederia allereie har fått tilsagn om gjennom Enova kan bli gjennomført, ved at fristane for ferdigstilling blir utsett og gjort gjeldande ut 2022?
Begrunnelse
SV viser til budsjetthøyringa i Energi- og miljøkomiteen i oktober der dei maritime næringsorganisasjonane tok opp at Enova vedtok å avslutte batteristøtte til offshore servicefartøy våren 2021. Grunngjevinga var at batteri no vert vurdert til å vere moden teknologi.
Energi og miljøkomiteen sine medlemer frå SV merkar seg at den store utviklinga innan batterihybridisering innan offshoreflåten dei seinare åra har ført til vesentlege reduksjoner av utslepp og gitt høg aktivitet ved norske verft som treng oppdrag. Dette har igjen bidrege til å sette norsk maritim utstyrsindustri i førarsetet for utviklinga av ny grøn maritim teknologi. Utan batteristøtte frå Enova vil hybridisering av den norske offshoreflåten imidlertid stoppe opp, fordi rederia ikkje greier å bere kostnadane åleine.
SV merka seg at maritim næringa gjorde greie for at fristane som Enova sette var urealistiske og alt for knappe for å gjennomføre innvilga hybridiseringsprosjekt innafor fristane varsla ved omleggging av ordninga. Med Enova sin korte frist for oppstart innan seks månader og gjennomføring på ni månader, vil ikkje offshorerederia kunne gjennomføre hybridisering av ca. 18 innvilga prosjekt, og dette vil bremse den nødvendige hybridiseringa av den norske offshoreflåten. Grunnen til at næringa treng meir tid på å gjennomføre hybridiseringa, er at det har oppstått forseinkingar hjå underleverandørar mellom anna på grunn av coronapandemien. Det er difor ikkje urimeleg at fristen vert forlenga for dei innvilga prosjekta. Ei utsetjing av fristen ut heile 2022 vil ikkje ha budsjettmessige konsekvensar, då desse prosjekta allereie har fått tilsagn.
SV viser til næringa sin tydelige bodskap om at utanom Enova manglar det gode nok ordningar for teknologiar som har nådd implementeringsfasen. Dersom fristen ikkje kan utsettast eller Enova sitt mandat ikkje kan endrast til å støtte opp om nødvendig batteriteknologi, må andre delar av virkemiddelapparatet innrettast slik at det vert mogleg å gjennomføre viktige klimaforbetrande tiltak i den norske flåten.