Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:751 (2021-2022)
Innlevert: 21.12.2021
Sendt: 21.12.2021
Besvart: 05.01.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Fiskeribladet har nyleg omtalt at investorar som ikkje er aktive fiskarar har tatt kontroll over fiskebåtreiarlaget Skårungen II. Fiskeridirektoratet har omgjort løyve til slikt aksjeerverv. Klagesaka er no til handsaming i departementet.
Vil statsråden handheve deltakarlova sitt krav om at aktive fiskarar skal ha faktisk kontroll over verksemda, og vil statsråden sikre at aksjeerverv som strir mot deltakarlova vert stoppa/reversert?

Begrunnelse

Hurdalsplattformen slår fast at deltakarlova ligg fast som ein pilar i norsk fiskeripolitikk. Deltakarlova byggjer på at det skal vere ein fiskareigd flåte. For å sikre dette er det stilt krav til eigarskap og til at aktive fiskarar også skal ha faktisk kontroll over verksemda i fiskeriselskap.
I saka knytt til erverv av aksjar i fiskeriselskapet Skårungen II AS fekk ein aktør som er 90% eigd av reine investorar nyleg løyve til å erverve nær 5 % av aksjane i selskapet, slik at aktøren vart eigar av vel 54,7 % av aksjane og dermed fekk kontroll over fiskeriselskapet.
Den 12. april i år omgjorde Fiskeridirektoratet løyvet til erverv av aksjane. Omgjeringsvedtaket er påklaga og klagesaka er no til handsaming i departementet. Saka er av stor prinsipiell betyding, fordi det no tydeleg må klargjerast korleis fiskeristyresmaktene vil handheve bestemmelsane i deltakarlova om at aktive fiskarar skal ha faktisk kontroll over verksemda i fiskeriselskap.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Stortingsrepresentanten viser til ei konkret sak som er til handsaming i Nærings- og fiskeridepartementet. Saka vart oversendt frå Fiskeridirektoratet til Nærings- og fiskeridepartementet 14. mai 2021. Begge partar har etter dette tidspunktet kome med ytterlegare innspel i fleire rundar. Det siste innspelet i saka kom til departementet 29. oktober 2021. I tillegg har ein av partane varsla at dei vurderer å koma med nytt innspel i saka. Eg er oppteken av at sakshandsamingstida ikkje skal vere for lang i klagesaker, men ser at partane i denne saka har hatt behov for å kome med ytterlegare innspel etter at saka vart oversendt frå Fiskeridirektoratet til departementet. Departementet vil gi partane frist til 20. januar med å kome med sine siste innspel. Deretter vil vi handsame saka så snart som mogleg.
Ut over dette vil eg ikkje kommentere denne konkrete saka vidare av omsyn til sakshandsaminga, men heller fokusere på det generelle spørsmålet som er reist om handheving av aktivitetskravet i deltakarlova.
Aktivitetskravet er heimla i deltakerlova § 6, og det følgjer av denne føresegna at ervervsløyve berre kan gis til den som har drive ervervsmessig fiske eller fangst på eller med norsk fartøy i minst tre av dei siste fem åra og framleis er knytt til fiske- og fangstyrket. For selskap eller samanslutning kan ervervsløyve berre gis dersom personar som oppfyller kravet i første ledd, har meir enn 50 pst. av eigarinteressene, og faktisk har tilsvarande kontroll over verksemda. Fiskeristyresmaktene vil her gjere ei konkret vurdering av om selskapsoppbygginga er i samsvar med formålet med lova, og om dei aktive fiskarane kan seiast å ha kontroll over verksemda. I samband med dette er det relevant å kontrollere sjølve selskapsavtala samt eventuelle aksjonæravtaler.
Det følgjer vidare av deltakerlova § 9 at eigarendring i selskap som direkte eller indirekte eig fiskefartøy, inkludert overdraging av aksjar i slikt selskap, skal godkjennast av fiskeristyresmaktene. Det framgår av lovproposisjonen at formålet er å kunne føre "kontroll med at kravene i § 5 og § 6 første ledd ikke gjøres illusorisk ved salg av aksjer eller parter etter at det er gitt ervervstillatelse". Det er såleis dei same tilhøva som er relevante å vurdere ved ein søknad om godkjenning eller melding av eigarendring, som ved ein søknad om ervervsløyve. Eigarsamansetninga blir vurdert ut frå eigarskapet i alle ledd som har interesser i det reiarlaget som står som formell eigar. I forskrift 7. desember 2012 nr. 1144 om ervervsløyve, registrering og merking av fiskefartøy mv. er det teke inn eit eige kap. IIa om meldeplikt ved eigarendringar i fiskefartøy.
Prinsippet om ein fiskareigd fiskeflåte har lege fast i norsk fiskeripolitikk sidan før den gamle deltakarlova blei fastsett i 1972, og det er brei politisk semje om at dette prinsippet skal oppretthaldast. Det følgjer vidare av Hurdalsplattforma at deltakarlova ligg fast og framleis er ein viktig pilar i norsk fiskeripolitikk. Det er såleis ei prioritert oppgåve for regjeringa å sørge for å handheve aktivitetskravet innanfor rammene som deltakarlova stiller opp.