Frank Edvard Sve (FrP): Vil statsråden sørge for at nettselskap ikkje får anledning til å sende ut «straffegebyr» til sine kundar, med begrunnelse i auka kostnadar samtidig som dette er direkte i logisk brist med argumenta til nettselskapa for innføring av ny modell, og kva vil statsråden gjere for at nettselskapene ikkje kan sende ut ei slik rekning til kundane som ein reaksjon som kan oppfattast som eit gebyr på at nettselskapa vart stoppa av Stortinget for å innføre ny nettleigemodell frå nyttår?
Begrunnelse
Bakgrunnen til spørsmålet er at eit nettselskap på Møre har sendt ut til sine kundar, melding om at dei får eit gebyr på 250 kr med bakgrunn i auka nettleigekostnadar og er begrunna i vedtaket Stortinget gjorde ved å utsette innføringa av ny nettleigemodell.
Det er også spesielt med ei slik "julegåve" frå eit nettselskap no rett før jul, i den situasjonen der dette driftsområdet er statleg monopoldrift med garantert referanserente på heil 5,59 % som på mange måter er eit garantert økonomisk nivå, samtidig som vanlige strømkundar opplever skyhøge straumprisar i heile landet.