Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til næringsministeren

Dokument nr. 15:760 (2021-2022)
Innlevert: 21.12.2021
Sendt: 22.12.2021
Besvart: 06.01.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kor står arbeidet med å sikra ein avtale om sameksistens med fiskeria, som Stortinget sette som vilkår for at Andøya Space skulle få statsstøtte?

Begrunnelse

Andøya Space har fått tilsegn om statsstøtte for å utvikla ein oppskytingsbase for småsatellittar. Då vedtaket vart gjort, sette Stortinget tre vilkår. Det eine vilkåret var at Andøya Space fekk ein avtale med fiskerinæringa om samarbeid og sameksistens. Vilkåret var formulert slik:

«Andøya Space legger frem en plan som sikrer at andre næringers interesser ivaretas på en forsvarlig måte, herunder avbøtende tiltak for ulempe som forårsakes for andre næringer. I arbeidet med planen skal Andøya Space konsultere med relevante næringsaktører, herunder Norges Fiskarlag.»

Dåverande statsråd Nybø uttrykte seg slik i mai 2020, då regjeringa kunngjorde at dei ville gi inntil 365 millionar i støtte:

«– Vi stiller krav om at Andøya Space Center i samråd med berørte næringsaktører finner løsninger som gjør at ulike næringer kan fortsette å leve side ved side på Andøya.»

Det blir rapportert i media at dette tredje vilkåret slett ikkje er på plass. Tvert i mot har fiskerinæringa og Andøya Space ikkje hatt samtalar sidan august, og koordineringsforumet mellom aktørane i området fungerer ikkje. Fiskerinæringa opplever at Andøya Space ikkje ønskjer eit reelt samarbeid, og at dei ikkje har brukt koordineringsmøta til å gjera avklaringar med fiskarane slik det vart tenkt, men heller har gått utanom desse.
Andøy Fiskarlag fortel i eit innlegg i Andøyposten 17. desember at Andøya Space Defense driv våpentesting på ein måte som gjer sameksistens mellom næringane svært vanskeleg. Dei okkuperer store område over lengre tid, og fiskarane blir i praksis jaga vekk frå viktige fiskefelt. Framtidige satellittoppskytingar vil koma på toppen av dei eksisterande problema.
I budsjettforslaget for 2022 skreiv den førre regjeringa at Nærings- og fiskeridepartementet i september var i ferd med å vurdera om prosjektet oppfyller vilkåra som vart sett av Stortinget, og at tilføring av ytterlegare eigenkapital til Andøya Space er avhengig av at vilkåra er nådd.
I slutten av november ba Sjømat Norge og Norges Fiskarlag om eit møte om med politisk leiing i Nærings- og fiskeridepartementet om Andøya Space sin aktivitet. I brevet frå dei to organisasjonane peikar dei på at det har vore lite dialog med fiskerinæringa i denne prosessen, og at dei ønskjer eit dialogmøte for å sikra sameksistens.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Stortinget gjorde 19. juni 2020 dette vedtaket (jf. Prop 127 S 2019-2020): "Regjeringen foreslår å gi et betinget tilsagn til Andøya Space Center (ASC) om inntil 282,6 mill. kroner i egenkapital og inntil 83 mill. kroner i tilskudd, for etablering av en oppskytningsbase for småsatellitter på Andøya (Andøya Space Port).
Finansieringen forutsetter at:

1. Egenkapitalen forventes å gi staten en finansiell avkastning som tilsvarer det en rasjonell markedsinvestor ville ha akseptert.
2. Løsningen er i samsvar med EØS-avtalens statsstøtteregler.
3. ASC legger frem en plan som sørger for at andre næringers interesser ivaretas på en forsvarlig måte, herunder avbøtende tiltak for ulempe som forårsakes for andre næringer. I arbeidet med planen skal ASC konsultere med relevante næringsaktører, herunder Norges Fiskarlag."

Jf. punkt 3 over vart det ikkje stilt vilkår om å inngå nokon avtale mellom Andøya Space AS (Andøya Space) og Norges Fiskarlag. Kravet frå Stortinget var at Andøya Space skulle leggje fram ein plan, og at dei i dette arbeidet skulle konsultere med relevante næringsaktørar. Andøya Space valte sjølv å operasjonalisere dette kravet gjennom å innleie forhandlingar om ei avtale med Norges Fiskarlag. Når det gjeld andre næringar har Andøya Space opplyst at dei har hatt tett dialog med Nasjonal turistveg om tilpassingar for å ivareta reiselivsnæringas interesser. Andøya Space la fram eit utkast til avtale med Norges Fiskarlag i mai 2021. Selskapet har opplyst at utkastet ikkje vart akseptert av Norges Fiskarlag. Andøya Space har sagt seg villig til å etterleve føresegnene i utkastet frå mai 2021, inntil det eventuelt vert oppnådd semje med Norges Fiskarlag om ei justert avtale. Andøya Space har opplyst at dei har tatt fleire initiativ overfor Norges Fiskarlag til framleis dialog og forhandlingar. Nærings- og fiskeridepartementet har gitt ei klar forventning om å bidra konstruktivt til slike forhandlingar. Slik departementet vurderer det har Andøya Space oppfylt kravet om å leggje fram ein plan for forsvarleg ivaretaking av interessene til andre næringar. Andøya Space har også oppfylt kravet om å konsultere med Norges Fiskarlag, gjennom samtaler og forhandlingar med Norges Fiskarlag i samband med denne avtalen. På grunnlag av dette fastslo departementet 8. oktober 2021 at vilkåra for å utbetale kapital og tilskot til Andøya Space jf. Prop. 127 S (2019-2020) var oppfylt. 30 mill. kroner av eigenkapitalen vart tilførd selskapet 10. desember, og selskapet er i gang med å forberede bygging av oppskytningsbasen på Andøya.
Sjølv om villkåra for å utbetale finansiering til Andøya Space er oppfylt, har eg ei klar forventning til Andøya Space om at selskapet skal fortsette å arbeide for semje med Norges Fiskarlag. Likeins forventar eg at Norges Fiskarlag vil fortsette å arbeide for semje med Andøya Space. Som representanten skriv i grunngjevinga for spørsmålet sitt handlar arealkonflikta i farvatna rundt Andøya også om andre forhold enn den planlagde aktiviteten ved Andøya Spaceport. Det er særleg testaktivitet i regi av Andøya Space Defence og Forsvaret som har ført til interessekonflikt mellom Andøya Space og fiskerinæringa. Andøya Space tok i 2019 initiativ til ei koordineringsgruppe for samordning av interessene til ulike brukare av havområda rundt Andøya. Denne koordineringsgruppa, som også inkluderte Marinen, Kystvakta og kommunen m. fl., var frå Andøya Space si side meint å vere den primære kanalen for dialog med fiskerinæringa om Andøya Spaceport og andre deler av verksemda til Andøya Space. Beklagelegvis har Norges Fiskarlag vald å trekke seg frå denne gruppa.
Både eg og fiskeri- og havministeren ønsker eit konstruktivt og konfliktfritt samvirke mellom Andøya Space og fiskerinæringa. Fiskeri- og havministeren har invitert Andøya Space og Norges Fiskarlag til eit møte 13. januar 2022. Partane vil under dette møtet få anledning til å belyse sine oppfatningar av saka, og til å drøfte moglege veger videre. Vi forventar at partane vil bruke dette møtet som eit utgangspunkt for å finne tilbake til forhandlingsbordet, og for å bidra konstruktivt til løysningar som er gode for begge partar.