Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:761 (2021-2022)
Innlevert: 22.12.2021
Sendt: 23.12.2021
Besvart: 10.01.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden allerede nå avlyse Statens vegvesen sin ide om å svekke rabattordningene på fergereiser?

Begrunnelse

Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet har denne hausten hatt mange innlegg om fergepriser og brukarane av ferger kan glede seg over at FrP i revidert nasjonalbudsjett fekk satt prisen ned med 25% og til nyttår nye 5% kutt. FrP meinte det hadde vært naturlig å kutte 25% til slik at dei fergereisande hadde fått 50% billigere fergereiser 1.1.2022 enn tilfeller var på samme tidspunkt i 2021. No har imidlertid Statens vegvesen sendt ut på høyring eit forslag om å redusere rabatten dramatisk. Næringsliv og vanlege folk i distriktene bruker stort sett rabattordningen så om rabatten blir redusert opplever disse ei prisauke. Sidan Ap gjennom heile høsten har skrevet innlegg i media og fremstiller seg som positive til lavere fergepriser burde man allerede no avlyst Statens vegvesen sin ide om å svekke rabattene.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen fekk i brev av 12. mars 2021 i oppdrag av regjeringa Solberg å gjera "ein heilskapleg gjennomgang av og vurdering av ferjetakstregulativa". Vidare heiter det i oppdraget at Statens vegvesen eventuelt skulle "koma med framlegg til justeringar av regelverket for takstar og rabattar".
Statens vegvesen har like før jul levert ei tilråding på oppdraget. Departementet vil no gå i gang med å vurdera framlegga som er sette fram.
Denne regjeringa har store ambisjonar for takstreduksjonar i ferjedrifta. Hurdalsplattforma slår fast at vi skal halvera prisane på riksvegferjer og fylkesvegferjer i fireårsperioden. Vi er godt i gang med å oppfylla dette. Som representanten kjenner til, ligg ferjetakstane for 2022 i riksvegferjedrifta no 30% under takstane frå same tid i fjor under borgarleg regjering.
Eg kan ikkje sjå for meg at vi vil leggja opp til ein politikk som svekkar satsinga vår på ferjeprisane, snarare tvert i mot. Vi skal laga ordningar som gjer det enklare og greiare for vanlege folk. I dette inngår også å sjå på om takstregulativa kan utformast på ein betre måte, for å oppnå målet med å halvera ferjetakstane totalt sett.