Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:770 (2021-2022)
Innlevert: 29.12.2021
Sendt: 03.01.2022
Besvart: 07.01.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kan næringsministeren garantere at omsynet til biologisk mangfald i havet, sjømattryggleik og fiskeri- og sjømatnæringa vil ha førsteprioritet når departementet handsamar klagesak om driftskonsesjon for mineralutvinning i Engebøfjellet, og at søknaden om å dumpe store mengder avfall i Førdefjorden vert avvist dersom garantiar om rein fjord og trygg sjømat ikkje kan giast?

Begrunnelse

Nordic Mining ASA/Nordic Rutile AS sin planlagde driftsmodell for mineralutvinning i Engebøfjellet i Sunnfjord, kan føre til utslepp av fleire millionar tonn gruveavfall og slam per år, samt prosesskjemikalie, i Førdefjorden. Førdefjorden er eit viktig gyteområde for kysttorsk, og det er stor aktivitet og verdiskaping knytt til havbruk i området rundt.
Dei negative følgjene det planlagde sjødeponiet i Førdefjorden kan ha for fiskeri og havbruk, er grundig dokumentert i høyringsinnspel frå m a Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet, Norges Fiskarlag og Sjømat Norge.
Fiskeri- og sjømatnæringa, som i andre samanhengar blir framhalden av regjeringa som ei særs viktig næring i det landet vi er så glade i, har enno ikkje fått nødvendige avklaringar og garantiar for at eit evt. driftsløyve ikkje vil gå ut over fjordmiljø, sjømattryggleik, gyte- og oppvekstområde for fisk eller hausting og produksjon av sjømat.
I tillegg har ESA, overvakingsorganet for EØS-avtalen, nyleg konkludert med at Noreg ikkje har implementert EU sitt direktiv for handtering av gruveavfall i norsk lovverk, og at Noreg på ei rekkje punkt bryt dei strenge krava som blir stilt i dette direktivet knytt til handtering av gruveavfall (brev frå ESA til norske styresmakter 6. oktober 2021).
Norges Fiskarlag og Sjømat Norge krev difor at Nærings- og fiskeridepartementet gjer ei fornya og grundig vurdering av heile sakskomplekset knytt til dumping av gruveavfall i sjø i samband med klagesaka om driftsløyve som ligg til handsaming i departementet.
Kravet frå ei samla fiskeri- og havbruksnæring er at nødvendige vilkår og garantiar for at gruveaktiviteten med planlagd avfallsdumping i sjø ikkje går ut over biologisk mangfald, fiskeri og havbruk, blir stilt i driftskonsesjonen – eventuelt at søknaden om driftskonsesjon med avfallsdumping i sjø som del av driftsmodellen blir avslått dersom slike garantiar ikkje kan stillast.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Nærings- og fiskeridepartementet har klaga på Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) sitt vedtak om tildeling av driftsløyve til Nordic Rutile under handsaming.
Dei problemstillingane stortingsrepresentanten tek opp rettar seg primært mot utsleppsløyvet og bruken av sjødeponi. Nordic Rutile ASA fekk utsleppsløyve etter forureiningslova 5. juni 2015. Vedtaket vart påklaga og oppretthaldt av Klima- og miljødepartementet 19. februar 2016.
Det er eit omfattande kunnskapsgrunnlag som ligg til grunn for vurderingane i saka om Førdefjorden. Løyvet er gitt etter ei konkret vurdering og det vert stilt strenge krav til overvaking. Drifta vil bli nøye følgt opp av Miljødirektoratet.
Løyvet føreset at det kan gjerast endringar i løyvet dersom det ikkje er tatt i bruk innan fire år. Til dømes kan Miljødirektoratet vedta endringar dersom det har kome ny teknologi som kan minske forureininga betydeleg. Klima- og miljødepartementet har vurdert klaga om revidert løyve til Nordic Mining, og i sitt vedtak 23. november 2021 konkluderte Klima- og miljødepartementet med at det ikkje er grunnlag for å ta klaga til følgje. Departementet har lagt til grunn Miljødirektoratet sine grundige vurderingar og konklusjon om at endra bruk av kjemikaliar er forsvarleg.
Oppmodinga om at løyve til Nordic Mining i Førdefjorden skal gjerast om er sendt til Miljødirektoratet som vurderer saka. Eg kan difor ikkje uttale meg noko nærmare om dette.