Skriftlig spørsmål fra Jan Tore Sanner (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:791 (2021-2022)
Innlevert: 03.01.2022
Sendt: 04.01.2022
Rette vedkommende: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 10.01.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Jan Tore Sanner (H)

Spørsmål

Jan Tore Sanner (H): Hva gjør regjeringen for å følge opp Stortingets vedtak om å sikre at norske studenter i utlandet som ønsker det kan ha mulighet til å ha en deltidsjobb uten å miste medlemskapet sitt i folketrygden?

Begrunnelse

Norske studenter i utlandet har i dag ikke mulighet til å ha deltidsjobb ved siden av studiene, fordi Navs retningslinjer innebærer at man mister plassen sin i folketrygden om man jobber utenlands. Ordningen som medfører at norske studenter risikerer utmeldelse av folketrygden, bidrar til å gjøre utenlandsstudentene mer økonomisk sårbare.
For å tydeliggjøre regelverket og sikre at norske studenter i utlandet har lik mulighet som norske studenter i Norge til å supplere inntekten gjennom deltidsarbeid vedtok derfor et enstemmig Storting i Mobilitetsmeldingen februar 2021 at:
«Stortinget ber regjeringen utrede og komme tilbake til Stortinget med nødvendige forslag slik at norske studenter i utlandet kan ha deltidsjobb ved siden av studiene uten å miste sitt medlemskap i folketrygden.»
Kilde: Innstilling i saken En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Etter folketrygdlova beheld studentar medlemskapen i folketrygda dersom dei skal studere kortare enn 12 månader i utlandet eller har stønad frå Lånekassen til studiar i utlandet. Ein blir rekna som student når ein studerer på heiltid ved universitet eller høgskule som er godkjent av Lånekassen eller NAV, og følgjer undervisning og tek eksamen i utlandet.
I dei fleste land er medlemskap i trygdeordningane basert på yrkesaktivitet. Dette inneber normalt sett at studentar som begynner å arbeide i studielandet, vil bli omfatta av trygdeordninga i dette landet, og ikkje lenger omfatta av folketrygda. Studentar som ønskjer å ta arbeid i studielandet må ta kontakt med dei lokala trygdestyresmaktene i studielandet og NAV for å avklare kva land si trygdelovgiving dei er omfatta av.
For personar som studerer i eit nordisk land eller i eit anna EØS-land, har trygdeforordninga føresegner om kva land si lovgiving dei skal vere omfatta av. Desse føresegnene går framfor føresegnene i folketrygdlova, og det er trygdelovgivinga i det landet der ein blir rekna som busett etter trygdeforordninga som gjeld for personar som ikkje er yrkesaktive. Ein blir rekna som busett der ein har sentrum for livsinteressene sine.
Det vil seie at ein framleis kan reknast som medlem av folketrygda dersom ein for eksempel har familien sin i Noreg, studiestønad frå Lånekassen og planlegg å returnere til Noreg etter enda studiar. Dersom ein etablerer seg i studielandet med for eksempel bustad og familie, kan trygdestyresmaktene i studielandet sjå på personen som busett der, og dermed som omfatta av trygdelovgivinga der. Dersom ein tek arbeid i studielandet, vil ein som regel bli omfatta av trygdeordninga i studielandet/arbeidslandet, og trygdedekninga i Noreg fell bort.
Som det følgjer av Prop. 1 for budsjettåret 2022, lagd fram av daverande finansminister Sanner, er anmodningsvedtaket til Stortinget av 25 februar 2021 til behandling i departementet. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.