Alfred Jens Bjørlo (V): Når vil statsråden sende sak om den varsla reverseringa av domstolsreformen ut på høyring, og korleis vil høyringa bli gjennomført?
Begrunnelse
Domstolsreformen vart iverksett 1. mai 2021, etter ein lang og grundig prosess med omfattande høyringsrundar. Det har vore lagt ned eit omfattande og godt arbeid over heile landet med å iverksetje reformen, i tråd med måla om auka rettstryggleik i eit framleis desentralisert rettssystem.
Den nye regjeringa har varsla ei reversering av reformen. Ei slik reversering vil vere ein ny, stor omorganiseringprosess i rettsvesenet som kan få store konsekvensar for mange tilsette landet rundt. Hovudarbeidsutvalet i Norges domstolar åtvarer mot reversering, og peikar på at dei er uroa over arbeidsmiljøet med ei ny strukturendring.
Situasjonen i rettsvesenet har endra seg vesentleg sidan førre høyring om gjennomføring av domstolsreformen. Det kan difor umulig vere tilstrekkeleg å lene seg på høyringsinnspela frå førre runde. Det er tvert imot særs viktig at det blir gjennomført ein seriøs og grundig høyringsprosess før det vert vedteke og iverksett eventulle nye reformar og organisasjonsendringar i rettsvesenet. Dei tilsette i sektoren må få uttale seg på ny, og det må opnast for at fleire instansar, organisasjonar og enkeltpersonar med interesse i saka kan avgi høyringsuttaler.