Sveinung Rotevatn (V): Kva vil den samla kostnaden ved CO2-kompensasjonsordninga for industrien bli i perioden 2021-2030, gitt dagens kvotepris og valutakurs, basert på det foreslåtte regelverket som for tida er på høyring?
Begrunnelse
8. oktober sendte Miljødirektoratet på vegner av Klima- og miljødepartementet forslag til nytt regelverk for CO2-kompensasjonsordninga for industrien ut på høyring.
Til grunn for forslaget ligg ein antatt CO2-kvotepris som i høyringsdokumentet er rekna at vil gi ein samla kostnad for staten på ca. NOK 70 milliardar over perioden 2021-2030.
Til grunn for dette anslaget ligg at kvoteprisen vil nå NOK 900 per tonn i 2030, i tråd med Refinitiv sitt mellomscenario for kvoteprisbane av juli 2021. I dette scenarioet ligg at kvoteprisen vil vere EUR 47 per tonn i 2022, og gradvis auke til EUR 87 per tonn i 2030.
Allereie i desember 2021 nådde imidlertid kvoteprisen EUR 88 per tonn, og ligg per 5. januar på EUR 84 per tonn.
Spørsmålet er om klima- og miljøministeren på bakgrunn av den kraftige auken i kvotepris gjennom hausten har utarbeida nye kvoteprisbanar som gir oppdaterte anslag på samla kostnad ved ei ny kompensasjonsordning med dei reglar som er foreslått i høyringsnotatet. I alle tilfelle ber eg om eit oppdatert anslag for samla kostnad over perioden der ein legg til grunn at dagens kvotepris og valutakurs held seg stabil fram mot 2030.