Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden dokumentere kva forventa straumforbruk som vil bli brukt årleg for at alle offentlig bilar skal kunne blir nullutslipp i 2022, lett varebil frå 2023 og bybuss frå 2025, samt kostnadane med ladestasjonar som må til for å betjene dette, og kva forventa auke i straumprisane vil måtte bli etter eit så betydeleg auka straumforbruk frå det offentlege?
Begrunnelse
Regjeringen ved samferdselsministeren har vore ute i media og informert om at det frå den nye regjeringa blir stilt krav om at alle offentlige biler vert nullutslipp i 2022, lette varebilar frå 2023 og bybuss frå 2025. Eit slikt krav vil sjølvsagt føre til vesentlig auka straumforbruk samt behov for eit betydeleg antall med nye ladestasjonar i alle landets kommunar.