Alfred Jens Bjørlo (V): Landbruksministeren skriv følgjande i brev til Stortinget v/ Næringskomiteen 10.12.2021 i samband med Stortinget si handsaming av Dokument 8:25 S (2021-2022) om styrka dyrevelferd: «Det er også slik at handlingsrommet for å gi særnorske bestemmelser er svært begrenset når det gjelder transport og avliving av dyr, ettersom regelverket på disse områdene er harmonisert gjennom EØS-avtalen.»
Meiner landbruksministeren at ho med dette har gjeve Stortinget korrekt, turvande og tilstrekkeleg informasjon om saka?
Begrunnelse
Venstre fremja i november 2021 eit representantframlegg om skjerpa dyrevelferd for produksjonsdyr, Dokument 8:25 S (2021-2022). Her vert det gjort framlegg om ei stortingsmelding om dyrevelferd i tillegg til ei rad konkrete framlegg for betre dyrevelferd for produksjonsdyr. Eitt av framlegga er å be regjeringa innføre høgare krav for transport av produksjonsdyr i landbruket.
Landbruksministeren gjev si vurdering av Dokument 8:25 i svarbrev til Næringskomiteen 10.12.2021. Her avviser statsråden samtlege av Venstre sine konkrete framlegg om skjerpa dyrevelferd. Statsråden si grunngjeving for å avvise skjerpa krav til dyretransport er som følgjer:
«Det er også slik at handlingsrommet for å gi særnorske bestemmelser er svært begrenset når det gjelder transport og avliving av dyr, ettersom regelverket på disse områdene er harmonisert gjennom EØS-avtalen. Jeg vil på grunnlag av det som er anført ovenfor, fraråde at Stortinget gir sin tilslutning til representantforslaget.»
I EU si forordning om transport av dyr, innført i Noreg gjennom Forordning 1/2005, står det følgjande i kap. I. artikkel 1, pkt 3:
«Denne forordning skal ikke være til hinder for strengere nasjonale tiltak med sikte på å bedre dyrs velferd under transport som fullt ut foregår innenfor en medlemsstats territorium, eller under sjøtransport fra en medlemsstats territorium.»
Det er også på gang ein prosess i EU for å skjerpe det felles regelverket for dyrevelferd, herunder transport av dyr, ytterlegare (jmf. Stortingets EU/EØS-nytt 20.10.21).
Eg vil difor be Statsråden utdjupe kva grunnlag ho har for å seie at EØS-avtalen gjev Noreg eit «svært begrenset» handlingsrom for å innføre skjerpa krav til dyrevelferd under innanlands transport.
Rett før jul måtte representantar for EØS-avtalen sitt kontrollorgan ESA gå ut offentleg for å korrigere/presisere ein statsråd sine opplysingar til Stortinget om lønnsstøtteordninga og kva avgrensingar EØS-avtalen set på utforminga. Det hindra at ordninga for tusenvis av arbeidstakarar vart dårlegare enn naudsynt. Det er særs viktig at vi ikkje får fleire slike tilfelle av upresis informasjon frå regjeringa om EØS-avtalen. Vi må vite sikkert om det er EØS-avtalen eller manglande vilje frå regjeringa som hindrar skjerpa krav til dyrevelferd under transport av dyr.