Birgit Oline Kjerstad (SV): Forvaltninga av ulv må ta omsyn til Bern-konvensjonen, Naturmangfoldslova og vedteke bestandsmål i Stortinget. Etter den planlagde lisensjakta i ulvesona vert gjennomført, kan det verte att berre to små heilnorske ulvefamilier i ulvesona, begge med berre fire dyr, i tillegg til 1,5 grensefamilier.
Kan Statsråden gjere greie for korleis uttak av 25 ulvar er i tråd med bestandsmålet og vårt ansvar for å ivareta en kritisk trua art, og kan statsråden stadfeste at etablerte ulveflokkar i ulvesonen kan virke som en barriere for svenske ulver?
Begrunnelse
Vi veit frå forskning, og erfaring med forvaltninga, at fleire ynglingar i ulvesona ikkje fører til større skade eller tap av beitedyr. Skaden på beitedyr er vanskeleg å unngå heilt, men denne har gått ned dei siste åra, og det er lite beitande småfe i ulvesona. På spørsmål frå Stortingsrepresentant Arne Nævra i juni 2021 stadfesta tidlegare statsråd i KLD, at det ikkje var skade på beitedyr som var årsak til vedtak om ulvejakt. Skader på hund under elgjakt kan løysast ved å la vere å bruke laus hund i områder med ulv. Forskning tyder på at ungdyr frå dei etablerte Norske revira som regel vandrar austover til Sverige, og at det er ofte er streifdyr frå Sverige som skaper problem i beiteprioriterte i områder vest og nord frå ulvesonen. Mykje tyder på at slike streifdyr kan verte eit større problem dersom om ein fjernar etablerte grupper, då etablerte grupper vaktar reviret og jagar bort inntrengarar.
Det er for tida dokumentert berre tre heilnorske familiegrupper etter at foreldreparet i Slettåsflokken vart skotne i haust rett utanfor ulvesona. Blir planen om å ta ut ulvane i Hornmoenreviret og grenserevira Rømskog og Bograngen samt dei gjenverande to ulvane i Slettåsreviret, kan ein risikere å sitje att med berre 2 heilnorske flokkar og 1,5 teljande grenseflokkar. Det mangler data eller dokumentasjon for nokre andre antatte ynglinger i grensetraktene. Føre var prinsippet burde tilseie at ein avvente fullstedig rapport før ein gjennomfører den omfattande jakta.
Fordi dersom den planlagde jakta vert gjennomført med uttak av pluss minus 25 ulvar i ulvesonen, risikerer vi at bestanden kjem godt under Stortinget sitt bestandsmål på 4-6 ynglinger. Ulven er en kritisk trua art i Norge, og som art er den freda av Kongen i statsråd. Realiteten er at den høge jaktkvote utgjer ein stor del av dei heilnorske ulvene som i vinter vil opphalde seg i Norge. Dei ulvane som er vedteke å skyte har ikkje gjort skade eller dokumentert unormal atferd. Det einaste målet verkar for å vere å ta ned talet individ for å stogge dei høge røystene mot ulv. Ulvesona er eit område utan småfe på beite i utmark. Det er vanskeleg å skjøne at den vedtekne jakta er ei i tråd med ei god fagleg forvaltning av ein kritisk trua art.