Alfred Jens Bjørlo (V): Kan Finansdepartementet gi ei oversikt over kor mange små bedrifter (under 50 tilsette) i serveringsbransjen og andre bransjar ramma av skjenkestopp og andre nasjonale smitteverntiltak som har nytta seg av lønnsstøtteordninga, og kor mange små bedrifter i dei same bransjane som i staden har gått til heil eller delvis permittering av tilsette?
Begrunnelse
Mange bedrifter i serverings- og utelivsbransjen, kultur- og reiseliv, kom i ein svært vanskeleg situasjon etter innføring av nasjonal skjenkestopp og andre inngripande tiltak knytt til Covid-19 i starten av desember 2021. Kompenserande tiltak var ikkje på plass då koronatiltaka vart innført.
Eitt av ønskja ein samla bransje kom med, var å få på plass ei lønsstøtteordning for å sikre at arbeidstakarar kunne halde fram å gå på jobb og motta løn, trass i kraftig redusert omsetnad etter skjenkestoppen.
Ei førebels lønsstøtteordning med sterke avgrensingar vart lagt fram i veke 50. Ordninga fekk massiv kritikk frå berørte bransjar. Det vart i dagane etter klargjort at dei viktigaste avgrensingane i ordninga ikkje skuldast ESA-krav, men sjølvvalde avgrensingar frå regjeringa si side. Ei ny og noko forbetra lønsstøtteordning vart lagt fram veka etter (veke 51). Men heller ikkje versjon to av ordninga møtte det viktigaste kriteriet for mange bedrifter for å nytte ordninga: At det kunne vere råd å halde oppe delvis drift i ei krevjande tid gjennom å gi lønnstøtte til deler av arbeidsstyrken, som alternativ til å permittere alle.
Bergens Næringsråd mfl. har nyleg gjennomført ei stor undersøking blant bedriftene i Vestland fylke for å «ta temperaturen» i næringslivet ved årsskiftet 2021/2022. Undersøkinga syner at reiseliv (inkludert serveringsbransjen) og kulturlivet er mellom bransjane som slit mest, og at dei små bedriftene systematisk opplever situasjonen som verre og har slitt meir enn dei store bedriftene gjennom koronakrisa. Skjenkestopp og faren for nye nedstengingar er det som uroar bedriftene innanfor reiseliv/servering og kultur mest.
Undersøkinga syner også at svært få bedrifter i Vestland ser det som interessant/relevant å nytte seg av den nye lønsstøtteordninga. Undersøkinga er tatt opp delvis før og delvis etter varselet om endringar i ordninga – men det er ingen signifikant auke i tal bedrifter som vil bruke ordninga i ny versjon. Ordninga blir uansett sett på som lite treffsikker og relevant for dei aller fleste bedriftene.
Ut frå dette urovekkande signalet frå Vestland er det no viktig å få sikker og systematisk kunnskap om korleis den nye lønstøtteordninga har blitt brukt – særleg av dei små bedriftene som er hardast råka av koronakrisa.