Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:887 (2021-2022)
Innlevert: 12.01.2022
Sendt: 12.01.2022
Besvart: 19.01.2022 av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Kan statsråden greie ut om korleis stoda er på sakshandsaminga for saker klaga inn for Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement, særleg om kva regjeringa no har for tiltak for å rette på den lange sakshandsamingstida?

Begrunnelse

Regjeringa talar i media mykje om føreseielegheit for kultursektoren. Eg vert stadig kontakta av verksemder innan kulturfeltet om at støtte dei he søkt om langt tilbake i tid i høve kompensasjon for COVID-pandemien ikkje vert betalt ut. Ved fleire høve verkar det som om sakshandsaminga og utbetaling tek unødig lang tid. Dette er verksemder som betyr mykje for kulturen, folkehelsa og verdiskapinga lokalt og i regionane i Noreg. Vi ser at det er tatt nokre grep for å handtere utfordringane i COVID-situasjonen. Samstundes høyrer kulturverksemder frå Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement, satt opp av Kulturdepartementet, at dei har ei sakshandsamingstid på opp til 12 månader for dei klagene som kjem inn.

Anette Trettebergstuen (A)

Svar

Anette Trettebergstuen: Forvaltinga av koronastøtteordningane har lagd beslag på ein stor del av dei samla ressursane i Kulturrådet, og arbeidsbelastinga har vore stor gjennom heile pandemien. For å avhjelpe situasjonen, har eg sørga for at Kulturrådet nyleg har fått tilført 15 ekstra saksbehandlarar for nokre månader framover. I tillegg er forvaltinga av kompensasjonsordninga frå 1. november 2021 flytta frå Kulturrådet til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Desse to grepa vil medføre at saksbehandlinga i Kulturrådet vil gå raskare.
Norsk kulturråd har fram til nå forvalta dei midlertidige kompensasjons- og stimuleringsordningane for kultursektoren. Kulturrådet har så langt behandla over 10 000 søknadar og fordelt 3,8 milliardar kroner til norske kulturaktørar gjennom dei to koronastøtteordningane. Saksbehandlingstida har variert utifrå kompleksiteten i ordningane og søknadane, og utifrå den totale mengden søknadar som har kome inn i kvar runde.
Kulturrådet har behandla 4 900 søknadar til kompensasjonsordninga sidan oppstarten i april 2020, og gjennomsnittleg saksbehandlingstid har vore på under to månader frå søknadsfrist til vedtak. Vidare har Kulturrådet behandla om lag 5 500 søknadar til stimuleringsordninga, med ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid på i overkant av tre veker.
Klagesaker har ofte tatt meir tid å behandle, noko som blant anna kjem av behovet for å foreta grundige juridiske og økonomiske vurderingar. Samstundes har det vore høgt prioritert å få ferdigbehandla dei ordinære søkandane, og det har òg påverka behandlingstida på klagene.
Klagenemnda for tilskot til kulturarrangement vart nedsett av Kulturdepartementet under førre regjering. Nemnda er knytt til Klagenemndssekretariatet i Bergen, og ho er uavhengig. Klagenemnda behandlar klager over vedtak frå Kulturrådet knytt til kompensasjonsordninga og stimuleringsordninga. I tråd med forvaltningslova, må ein klage sendast til Kulturrådet innan tre veker etter at parten mottok underretning om vedtak. Kulturrådet vurderer då saken på nytt. Dersom Kulturrådet ikkje omgjer vedtaket, vert klagen sendt vidare til klagenemnda.
Klagenemnda har så langt mottatt totalt 368 klagesaker frå Kulturrådet, og har ferdigbehandla 249 av desse. Den store pågangen av saker førte til at klagenemnda vart utvida frå fire til seks ordinære nemndsmedlemmer i april 2021. I tillegg arbeider fire ansatte i Klagenemndssekretariatet med saksforebuingar for nemnda. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for 2021 var på 60 dagar per sak. Saksbehandlingstida reknast frå tidspunktet klagen vert oversendt frå Kulturrådet. Tida frå Kulturrådet mottar klagen og til ho vert sendt til klagenemnda kjem i tillegg.