Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:936 (2021-2022)
Innlevert: 17.01.2022
Sendt: 17.01.2022
Besvart: 20.01.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Jeg har blitt gjort kjent med at få av de minste kommunene har fått spørsmål om å bosette flyktninger i 2022.
Hva er begrunnelsen for dette?

Begrunnelse

I november ble IMDIs oversikt over hvilke kommuner som bes om å bosette flyktninger i 2022 offentlig. Her kommer fram at det er få av landets små kommuner som anses som gode nok til å bosette flyktninger. En opptelling viser at ingen av de 50 minste kommunene har blitt bedt om bosette flyktninger. Dette på tross av at det av kriteriene for fordelingen er «Busetting av flyktningar skal vera styrt og spreidd. Det skal busettast flyktningar i alle landsdelar og i kommunar av ulik storleik.» Undertegnede er kjent med at flere av de mindre kommunene ønsker å bosette flyktninger og har lykkes med å for eksempel ta imot barnefamilier som nå er godt integrert i lokalsamfunnet. Et eksempel Kvitsøy Kommune i Rogaland som også ble brukt som eksempel i en sak ang dette i Stavanger Aftenblad (https://www.aftenbladet.no/lokalt/i/EaBgxl/kvitsoey-faar-ingen-flyktninger-mener-smaa-kommuner-nedprioriteres).

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Kva kommunar som blir oppmoda om å busette flyktningar, vert avgjort utifrå eit sett kriterium for korleis busettingsbehovet skal fordelast mellom kommunane. Eitt av desse kriteria er at busettinga skal vere styrt og spreidd. Kor mange kommunar som vert oppmoda om å busette flyktningar, avheng av kor mange flyktningar det er behov for å busette. For eksempel vart alle kommunane oppmoda om å busette flyktningar i 2016, og meir enn 15 000 flyktningar vart busett. Dei siste åra har det vore færre flyktningar å busette, og færre enn 5 000 flyktningar vart busett i 2021. Difor vart også færre kommunar oppmoda om å busette. I 2022 er 212 kommunar oppmoda om å busette flyktningar. Dette er kommunar i alle landsdelar og i kommunar av ulik storleik. Mellom anna er 43 kommunar med eit innbyggartal lågare enn 5 000 oppmoda om å busette flyktningar i år.
Eg meiner at styrt og spreidd busetting er blant årsakene til at me har lykkast betre med busetjing og integrering i Noreg samanlikna med fleire andre land. Det er eit viktig mål for integreringspolitikken at fleire skal i utdanning eller arbeid. Me veit blant anna at arbeidsmarknaden der ein vert busett har mykje å seie for om ein kjem raskt i arbeid. Det er fleire omsyn som må takast når ein vurderer kva kommunar som skal oppmodast om å busette flyktningar.
Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) i samråd med KS og med anbefalingar frå fylkeskommunane, som avgjer kva kommunar som skal oppmodast om å busette flyktningar på bakgrunn av kriteria. I tildelingsbrev til IMDi for 2022 blir dei bedt om å gjennomgå kriteria og foreslå eventuelle endringar og prioriteringar. På bakgrunn av dette, samt anbefalingar frå Nasjonalt utval for mottak og busetting av flyktningar, vil eg ta stilling til kva kriterium som skal gjelde for oppmoding om busetting av flyktningar for 2023.