Birgit Oline Kjerstad (SV): OED har tildelt TFO blokker som overlapper særleg verdfulle og sårbare områder.
Kva er den miljøfaglege grunngjevinga for å tillate TFO tildeling inn på Mørebankane, og korleis vil ministeren kontrollere og dokumentere at leiteaktiviteten i SVO områda ikkje skader livet der?
Begrunnelse
18. januar melde OED at det var tildelt 53 nye utvinningsløyver på Norsk Sokkel i konsesjonsrunden TFO 2021. Olje og energidepartementet presenterte dette som ei gladmelding. 28 tildelinger i Nordsjøen, 20 i Norskehavet og 5 i Barentshavet. I Havforskningsinstituttet sitt høyringsnotat til TFO runde 2021, datert 14 april 2021, står det at dei er kritiske til denne TFO utlysningspraksisen fordi den gir ei fragmentert vurdering av økosystema i havet, og at denne tildelingspraksisen står i kontrast til den heilskaplege økosystembaserte tilnærminga som har vore berebjelken i forvaltningsplanane sidan 2006, ein praksis som er heimla i Naturmangfaldslova §10. Medan forvaltningsplanane gjer ei tversektoriell vurdering av samla påverknad, går TFO rundene med små steg og sektorvise vurderingar inn mot og no også inn i særleg verdfulle og sårbare områder (SVO) som er definerte i Meld.St.20 (2019- 2020). I havmeldinga blir det sagt at det skal takast omsyn til ny kunnskap om verknaden på miljøverdiane i havet og dei levande marine ressursane i samband med olje og gassutvinning. Det skal stillast strenge krav til olje og gassutvinning og anna næringsverksemd for å unngå skade, og det er gjort greie for områdespesifikke rammer for petroleumsverksemd i dei ulike SVO områda på Norsk sokkel. På Eggakanten skal ein til dømes kartlegge moglege korallrev og andre verdfulle botnsamfunn som kan bli påverka av petroleumsaktivitet i dei aktuelle blokkene, og sikre at desse ikkje blir skada av aktiviteten. Det skal ikkje tildelast utvinningstillatelser på Mørebankane, men det gjeld ikkje dei delane av Mørebankane som er omfatta av TFO utlysinga. Haltenbanken, Sklinnabanken, Tromsøflaket, Eggakanten, Iskanten og tobisområda i Nordsjø Sør er SVO områder der det no er gitt lisens til olje og gassleiting. Med andre ord områder med stort biologisk mangfald, oppvekstområder og gyteområder for dei enorme fiskeressursane Norge forvalter. PETIL opplyser at det er Miljødirektoratet sitt ansvar å fylgje med på konsekvensane av verksemda for fauna og økologi. I riksrevisjonen sin rapport og undersøking av styresmaktene si omsyntaking til miljø og fiskeri, kom det fram at det ikkje var gjort ei einaste endring som fylgje av høyringane i perioden 2012- 2018.