Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1023 (2021-2022)
Innlevert: 25.01.2022
Sendt: 25.01.2022
Besvart: 02.02.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan eg be om ei vurdering frå statsråden på korleis han tenkjer at ferjeavløysingsordningane vil bidra til å få på plass fleire bru-prosjekt (fastsamband) når ein fasar inn nye nullutsleppsløysingar på ferje og hurtigbåt, noko som vil krevje ein høgare medfinansiering frå staten, da ein legg her til grunn at tilskota til fylkeskommunane vil auke monaleg, og det vil då for enkelte samband vil bli meir samfunnsøkonomisk lønsamt å få etablert bruforbindelse enn å halde fram med ferjer og hurtigbåt?

Begrunnelse

Basert på tilleggsproposisjon og budsjettforlik med SV, vil overføringar til fylkeskommunane for ferjer og hurtigbåtar auke monaleg i åra som kjem. Denne auken vil kome i form av reduserte billettprisar og kompensasjon for ferjer og hurtigbåtar med nullutsleppsløysingar. Det vil i eit slikt bilete vera av interesse å få ei vurdering frå statsråden på korleis dette vil påverke ferjeavløysingsordningane for å få etablert bru-forbindelse på enkelte samband, slik at ein kan få avløyst ferjer og hurtigbåtar med fast forbindelse.
Anslag for kostnader for staten, som reduserte ferjepriser og nullutsleppsløysingar vil bidra til for det enkelte samband, bør sjekkes opp mot bru-løysingar der det ligg til rette for dette. Det bør vera ei vurdering ein tek for det enkelte prosjekt der bru-forbindelse er eit alternativ.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Samferdselsdepartementet legg til grunn at spørsmålet gjeld den fylkeskommunale ferjeavløysingsordninga, ut frå at det vert vist til tilskot til fylkeskommunane i spørsmålet. Etter gjeldande retningslinjer for ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer blir storleiken på ferjeavløysingsmidlane rekna ut på bakgrunn av reduksjon i tilskot gjennom inntektssystemet når eit ferjesamband blir avløyst eller korta inn av ei bru eller ein tunnel. Reduksjonen blir rekna som nettoeffekten av å endre kriteriedata i båt- og ferjenøkkelen og fylkesvegnøkkelen i inntektssystemet. Dersom innfasing av nye nullutsleppsløysingar gir endringar i kriteriedata i inntektssystemet, vil dette medføre endring i storleiken på ferjeavløysingsmidlar. Tilsvarande vil reduserte billettprisar på ferjene kunna føre til endringar i kriteriedata for fylkesvegferjer. Samla effektar for både veg- og ferjesida må kalkulerast konkret i kvart enkelt tilfelle. Om det blir meir samfunnsøkonomisk lønsamt å få etablert bru-samband enn å halde fram med ferjer og hurtigbåt, må vurderast for kvart enkelt prosjekt då det er mange faktorar som påverkar dette.