Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1026 (2021-2022)
Innlevert: 25.01.2022
Sendt: 25.01.2022
Besvart: 31.01.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden gjere greie for og dokumentere om det er brukt ulike berekningsgrunnlag i samanlikningane av dei to kryssingsalternativa over Romsdalsfjorden ved prosjekta Møreaksen og Romsdalsaksen, da dette gjeldande for undersjøisk tunnel, andre tunneler og bruer, og samtidig forklare kva som er grunnlaget for at rapporten frå Statens vegvesen/Norconsult i tilleggsutgreiinga for fjordkryssingsalternativet Romsdalsaksen samanlikna med prosjektet Møreaksen, ser ut til å bruke ulike berekningsgrunnlag?

Begrunnelse

Samferdselsministeren svara på mitt spørsmål nr. 882, at det ikkje kan besvarast med bakgrunn i at meterprisar og grunnlag som er nytta er unnateke offentligheit av Statens vegvesen.
Media og andre partar i saka ang Møreaksen og Romsdalsaksen har fått samme svaret frå Statens vegvesen i ulike innsynskrav.
Sak ikring Statens vegvesen sitt hemmelighold ang. desse samanlikningsgrunnlaga er heilt vesentleg, og som er heile grunnlaget for å kunne samanlikne prosjekta reelt.
Avisa Tidens krav avdekka tidligare i 2021 omfattande kritikkverdige forhold ikring Statens vegvesen sin behandling av kryssingsalternativa over Romsdalsfjorden, som medførte at blant anna Fylkestinget i Møre og Romsdal krevde ny og uavhengig vurdering av Romsdalsaksen som alternativ for fjordkryssing.
Når rapport ang dette vart framlagt igjen med Statens vegvesen som oppdragsgjevar, vart dette gjort utan at grunnlagsdokumentasjonen er offentlig. Såleis kan INGEN vurdere innhaldet eller kontrollere Statens vegvesen sine grunnlag og bakgrunn for sine valg.
Desse innsynskrava og forhold ikring dette er også klaga vidare til Sivilombudsmannen, med beskjed om at dei ikkje har kompetanse til å kunne vurdere ei slik klage.
Såleis kan det sjå ut til at INGEN får reell muligheit til innsyn i kva Statens vegvesen egentlig driver med i saka ang. Møreaksen og korleis dette faktisk er berekna reelt opp mot alternativet Romsdalsaksen. Det er også stilt kritiske spørsmål om korleis Møreaksen kan opperere med dei kostnadsanslaga dei har ang Møreaksen. Døme på dette er den undersjøisk tunell i prosjektet som er i verdensrekordklassen, har kostnadsanslag som ikkje stemmer med erfaringstall frå til dømes Roggfast og andre samanliknbare prosjekt. Statens vegvesen nektar innsyn, media og andre partar får ikkje innsyn, fylkestinget får ikkje innsyn, og no nektar altså samferdselsministeren innsyn til ein stortingsrepresentant.

" Kven kan då drive tilsyn med Statens vegvesen i denne saka" ?

Eg stiller på nytt mitt spørsmål til statsråden, men no ved at statsråden skal forklare kvifor det er brukt ulike beregningsgrunnlag, og kvifor dette er så omfattande underlagt tausheit ikring eit prosjekt til mange titals milliard kr.
Presidentskapet vert kopla inn, dersom eg ikkje får svar og innsyn i dette.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: E39 Ålesund-Molde er greidd ut i fleire omgangar. I kvar av utgreiingane er det nytta like basisprisar for like vegelement som bruer, tunnelar og veg i dagen. Dette gjeld både i og mellom ulike konsept.
Innafor det vedtekne konseptet for E39 Ålesund-Molde er det skilnader i plannivå på dei ulike delstrekningane. Eit meir detaljert plangrunnlag gjer meir kunnskap og mindre usikkerheit. Anslagsprosessen er lagt opp slik at usikkerheit i kostnadane er 40 prosent på utgreiingsnivå, 25 prosent på kommunedelplannivå og 10 prosent på reguleringsplannivå.
Statens vegvesen har i utgreiingane dei har gjort sjølve, vurdert kostnadane for dei ulike konsepta ut frå mellom anna plangrunnlag på utgreiingstidspunktet. Statens vegvesen har derfor nytta ulik usikkerheit på dei ulike delstrekningane i vedtatt konsept og i alternative konsept. Delstrekningar som er på same plannivå har lik usikkerheit, uavhengig av om dei er i vedtatt eller alternativt konsept.
Norconsult har i si utgreiing frå 2021 valt ein annan samanlikningsmåte. Dei har lagt til grunn at alle alternative for E39 Ålesund-Molde er på utgreiingsnivå. Det er derfor lagt 40 prosent usikkerheit inn i alle kostnadsanslaga. Denne metodikken er med på å auke kostnadane for det vedtekne konseptet i deres rapport samanlikna med kostnadane Statens vegvesen har nytta.
Eg viser også til vedlegg 2 til rapporten som gir eit overordna kostnadsoverslag etter anslagsmetoden. Ny rapport bekrefter tidligere utredninger om kryssing av Romsdalsfjorden | Statens vegvesen.