Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1057 (2021-2022)
Innlevert: 27.01.2022
Sendt: 28.01.2022
Besvart: 04.02.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Nye Veier har nettopp starta å rive fleire hus langs ein planlagt firefelts motorveg over Lågendeltaet. Området er verna, og Nye Veier har enno ikkje fått løyve til å bygge den aktuelle vegen.
Kva synest statsråden om at Nye Veier har starta denne prosessen, når regjeringa sin budsjettavtale er klar på at utbygging av vegar skal gjerast på ein måte som minimerer tap av matjord og natur, og halde utbyggingskostnadar og bompengar nede?

Begrunnelse

Nye Veier planlegg å bygge ein ny motorveg med fire felt gjennom Lillehammer kommune og Lågendeltaet naturreservat. Dette trass i at Lågendeltaet har lova sitt strengaste vern, og har vore verna i over tretti år. Vegbygging er ikkje tillate i området. Det er ikkje ein gong lov til å padle i deltaet i deler av året, men no skal altså Nye Veier tilsynelatande få løyve til å bygge firefelts motorveg rett igjennom verneområdet.
Lågendeltaet er ei viktig og spesiell våtmark med særleg rikt fugleliv. I tillegg til å rasere eit sårbart og verdifullt naturområde vil ein motorveg føre til auka trafikk, meir støy, luftforureining og plastforureining i tillegg til auka klimagassutslepp.
1. september annonserte Nye Veier at dei ville vurdere alle eksisterande prosjekt på nytt for å redusere naturinngrep etter kraftig kritikk frå mellom anna Naturvernforbundet, innbyggarar og kommuner. Men sidan har ikkje Nye Veier kome med noko signal om at dei skal begrense naturinngrep.
Ei alternativ utbygging av E6 på noverande trasé med 2/3-felts veg er eit mykje bedre alternativ. Det vil gi høgare trafikktryggleik, lavere utbyggingskostnader og bompengar, og ikkje minst vesentleg mindre naturinngrep.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Kommunedelplanen for E6 på strekningen Vingrom-Ensby vart vedtatt i Lillehammer kommunestyre i juni 2018. I forbindelse med vedtaket og på grunn av motsegner til planen, vart det gjennomført bredt samansette meklingar der blant annet Lillehammer og Øyer kommunar, fylkesmannen i Oppland, Oppland fylkeskommune, Norges vassdrags- og energidirektorat og Statens vegvesen og Nye Veier deltok. Meklinga førte fram og avgjerdene i kommunedelplanen vart oppdatert.
Nye Veier bygger ny og trafikksikker E6 mellom Roterud og Storhove i Innlandet, som ein del av strekningen E6 Moelv-Øyer. Omkring halve prosjektet Roterud-Storhove er gjenbruk av eksisterande veg. Nye Veier praktiserer høg grad av gjenbruk nettopp fordi ein ønsker å redusere prosjektets fotavtrykk. Slik tar ein hand om både matjord og naturverdiar på best mogeleg måte. Prosjektet har på denne måten jobba aktivt for å unngå tap av matjord og natur, redusere negative konsekvensar og også kompensere for tap som ikkje har latt seg unngå.
Når det gjelder kryssing av Lågendeltaet har Nye Veier arbeidd for å redusere belastningar på det ytre miljø. Ved val av totalentreprenør, som og har bidratt i reguleringa, var det å minimere belastningar på ytre miljø i prosjektet generelt og i naturreservatet et kriterium som vart spesielt vurdert. Det har blitt jobba for å auke kunnskapsgrunnlaget gjennom blant annet omfattande fiskundersøkingar, vannprøvetaking, periodevis dagleg teljing av fugl i reservatet, grunnundersøkingar og støyvurderingar. Dette har bidratt til at brukonseptet som låg inne i kommunedelplanen er endra både når det gjeld detaljert plassering og utforming, nettopp for å ta hand om naturverdiane i området best mogleg. Også klimarekneskapen er betydeleg betra som følge av arbeidet som er gjort.
Mange grunneigarar har ønsket innløysing, mellom anna for å komme vidare i prosessen og sleppe utryggleiken det medfører å ha eit vegprosjekt under planlegging å forhalda seg til. Innløysing av hus og eigedommar kan være vanskeleg og krevjande å gå gjennom for den det gjeld. Nye Veier ønsker derfor å gå i tidleg dialog med dei som vegplanane er aktuelle for, slik at alle partar skal ha tid på seg. Innløysing av eigedommar er som sagt i dette tilfellet, og som regel, gjort på frivillig basis. Det er først og fremst eigarane av husa der selskapet har sett at det var openbart at vegen ville komme, som er innløyst. Lillehammer kommune har tillate å rive og godkjent rivesøknader før anleggsarbeidet skal starte.
Årsdøgntrafikken (ÅDT) på den aktuelle strekningen er 22.000 og basert på eksisterande vegnormalar er dermed firefelts veg alternativet.