Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1067 (2021-2022)
Innlevert: 28.01.2022
Sendt: 28.01.2022
Besvart: 07.02.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Gjeldsordningsloven skaper utfordringer for å rehabilitere mennesker i soning, og gjør at de som trenger økonomisk rehabilitering utelukkes fra ordningen. Det er behov for å revidere gjeldsordningsloven slik at kriteriene for strafferelatert gjeld blir endret, og personer i soning kan sikres reell rehabilitering.
Vil statsråden se på muligheten for at gjeldsrenter ikke påløper når mennesker er fratatt inntekt, og ikke har mulighet for å betjene gjelden sin så lenge de er fengslet, slik at gjelden ikke øker under soning?

Begrunnelse

EKKO samfunnspodden på P2 beskrev 19. januar at det er vanskelig å rehabilitere innsatte når gjelden øker så lenge straffedømte sitter fengslet. Innsatte har under soning ingen mulighet til å starte å betjene gjelden sin, mens staten øker gjelden med forsinkelsesrente. Dette fører til at innsatte sjelden vil klare å starte livet etter endt soning, slik samfunnet trenger og legger opp til. Når gjelden mangedobler seg så lenge de setter inne, og lovverket er til hinder for økonomiske rehabilitering er det viktig at revideringen av gjeldsordningsloven som nå er under arbeid også ser på dette.
Det er i dag altfor vanskelig for personer med strafferelatert gjeld å få hjelp til økonomisk rehabilitering. Gjeldsordningsloven legger opp til at mindre enn 10 % av en persons samlede gjeld kan være relatert til straffbare handlinger, og erstatningskrav skal som hovedregel betales fullt ut om en person skal få økonomisk rehabilitering gjennom gjeldsordningsinstituttet.
Samfunnet sikrer ikke god rehabilitering av mennesker med stor gjeldsbyrde når de er fratatt inntekt under soning, og staten krever høye renter slik at straffegjelden øker.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg er einig med representanten i at tyngande gjeld kan vere er eit stort problem for dei som blir lauslatne frå fengsel og skal tilbakeførast til samfunnet. Eg vil understreke at gjeldsordningslova nettopp er eit verkemiddel for dei som treng hjelp til å få kontroll over ei gjeldsbyrde som har blitt for stor. Ordninga gjeld også for straffedømte. Gjeld som har oppstått som følgje av straffbare handlingar kan altså bli sletta av ei gjeldsordning, men det finst nokre restriksjonar for slik gjeld – mellom anna må ho som hovudregel vere over tre år gamal.
Det er mange døme på at strafferettsleg gjeld har blitt nedsett eller sletta ved ei gjeldsordning, men også døme på det motsette – altså at namsmannen eller domstolen har sagt nei. Det siste har oftast samanheng med at ei gjeldsordning kunne bli sett på som støytande fordi det ofte kan vera tale om skade-erstatning etter valdslovbrot, inndraging etter ran og tjuveri eller liknande. Tanken er at det skal vere vanskelegare å få ettergitt desse krava enn vanleg gjeld, som til dømes banklån og restskatt, men det skal ikkje vere umogleg.
Renter er noko dei fleste som har misleghalde gjeldsforpliktingar må betale. Det gjeld både forseinkingsrenter og anna rente. Det kan vere problematisk med ei ordning der fengselsstraff aleine skal vere ein grunn til å sleppe å betale renter. Då kan ein også spørje om ikkje andre som ofte kan ha betalingsvanskar også skal få sleppe renter, til dømes einslege forsørgjarar og arbeidslause. Ettergjeving av renter må i staden vurderast på same måte som anna gjeld – til dømes i samband med ei gjeldsordning, eller ei frivillig ordning med kreditorane.
Eg vil også leggje til at det er fleire krav som er vanlege blant innsette som ikkje blir belasta med renter. Det gjeld til dømes (både) bøter og inndraging som er gjeve i ei straffesak. Det kan også søkast om å få ettergjeve rente som har samla seg opp under soninga.
Gjeldsordningslova er til revidering, og har vore på høyring. Eg vil sjå nærare på desse problemstillingane i oppfølginga av denne høyringa.