Skriftlig spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1069 (2021-2022)
Innlevert: 28.01.2022
Sendt: 28.01.2022
Besvart: 04.02.2022 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Flere ungdommer fra en idrettsklubb i Agder bestilte vinteren 2020 pakkereise gjennom G travel for å delta på et internasjonalt arrangement. Pga. korona ble reisen kansellert og selskapet gikk konkurs. De har fremmet krav til reisegarantifondet, besvart en rekke mail og gitt nødvendig dokumentasjon. Likevel venter de fortsatt på utbetaling av ganske stort beløp.
Hva mener statsråden om saksbehandlingstiden i Reisegarantifondet og vil hun foreta seg noe for at ungdommen raskt skal få pengene sine utbetalt?

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Den som sel pakkereiser må stille reisegaranti som dekkjer garantipliktig del av omsettinga. Under pandemien blei mange reiser avlyste eller avbestilte. Etter pakkereiselova skal den reisande ha innbetalte forskott attende innan 14 dagar. Ein frykta at mange pakkereisearrangørar skulle gå konkurs. Difor blei fristen for å betale dei reisande attende forlengja til tre månadar. Dersom pakkereisearrangøren blei ramma av konkurs før den reisande hadde fått attende sitt forskott, ville kravet ikkje bli dekt av reisegarantiordninga. Det vart difor innført ei mellombels ordning med kompensasjon til dei reisande. Ordninga blei nedfelt i ei forskrift "Midlertidig forskrift om kompensasjon til reisande – udekkede tilbakebetalingskrav" av 6. april 2021.
Ved handsaming av Prop. 79 S (2020-2021) vedtok Stortinget 23. februar 2021 å løyve 75 mill. kroner over statsbudsjettet kap. 865 post 71 til kompensasjonsordninga, samt 3 millionar kroner til administrasjon av ordninga. Føresetnaden for å få dekning frå ordninga var at reisa var kjøpt før 14. mars 2020, at det blei sendt søknad, og det blei dokumentert at dekning ikkje blei gitt frå andre kjelder.
Reisegarantifondet (RGF) er ein privat stiftelse som handsamar krav om utbetaling av reisegaranti etter pakkereiselova. RGF handsamar òg krava etter kompensasjonsordninga på oppdrag frå Barne- og familiedepartementet. Det følgjer av avtala mellom RGF og departementet at alle krava etter kompensasjonsordninga skal vere handsama innan 31. mars 2022.
Eg kan ikkje kommentere einskilde saker som blir handsama av RGF. På generelt grunnlag vil eg peike på at det er arbeidskrevjande å handsame søknader om kompensasjon. RGF må mellom anna undersøkje om det einskilde kravet er omfatta av den ordinære reisegarantiordninga eller om det er omfatta av den mellombelse kompensasjonsordninga. Videre må mykje dokumentasjon bli sjekka før RGF kan konkludere. Og mengda krav gjer at handsaminga tar tid. Eg vil forsikre om at alle dei som har krav på kompensasjon får betalt attende for reiser som ikkje har funne stad.