Skriftlig spørsmål fra Kirsti Bergstø (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1072 (2021-2022)
Innlevert: 28.01.2022
Sendt: 28.01.2022
Besvart: 07.02.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Kirsti Bergstø (SV)

Spørsmål

Kirsti Bergstø (SV): Hva vil statsråden gjøre for at ikke flere arbeidsfolk som har stått i arbeidslivet i årevis havner i «uførefella» om de skulle bli syke?

Begrunnelse

Den 26. januar kunne vi lese om Anne Kallset i FriFagbevegelse som taper flere hundre tusen på at hun søkte gradert uførepensjon fra KLP i stedet for fra Nav. Dessverre er hun bare én blant veldig mange arbeidsfolk som har havnet i «uførefella» siden uførereformen ble innført i 2015. Mange som følger oppfordringen om å jobbe så lenge som mulig, blir i dag straffet når de gjør nettopp det. Dette er arbeidsfolk som samfunnet er helt avhengig av, enten de er renholdere, sykepleiere, politi eller hjelpepleiere. I Hurdalsplattformen står det at «Det skal bli lettere for personer som lever på trygd, å kombinere trygd med arbeid», men slik regelverket er i dag må du være minst 50 % ufør for å få uførepensjon fra Nav.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Hovudregelen er at inntektsevna må vera varig nedsett med minst 50 prosent for å få uføretrygd frå folketrygda. I ny uførepensjon frå offentleg tenestepensjon er vilkåret at inntektsevna er nedsett med minst 20 prosent.
Regjeringa vil at alle som kan og vil jobba, skal få moglegheit til det. I Hurdalsplattforma er regjeringa òg tydeleg på at vi vil auka bruken av ordningar som gjer det lettare å kombinera trygd og arbeid. Eg vil understreka at dei som har ein uføregrad under 50 prosent ikkje taper økonomisk på å nytte restarbeidsevna si. Dei vil alltid komma betre ut ved å nytte restarbeidsevna si framfor å ikkje jobba. At enkelte ville ha komme betre ut på sikt ved å få fastsett ein for høg uføregrad kan sjølvsagt vera uheldig. Samtidig må vi ha tillit til at den arbeidsevnevurderinga som skjer er riktig. Eg synest ikkje vi skal innretta systemet med den trua at arbeidsevnevurderinga skjer på feil premissar.
Dersom inngangsvilkåra i folketrygda og tenestepensjonsordningane framleis skal vera forskjellige, er spørsmålet om tenestepensjonsordninga bør kompensera for lågt utreknings-grunnlag i folketrygda. Under regjeringa Solberg vart det innført overgangsreglar som varetek dei som vart uføre før 2015, då nye uføreytingar frå folketrygda og frå offentlege tenestepensjonsordningar vart innførte. Når overgangsreglane vart innførte var den dåverande regjeringa tydelege på at nye mottakarar ikkje skulle skjermast for effektane av eit lågt utrekningsgrunnlag i folketrygda.
Når eg blir gjort kjent med regelverk som nokon meiner skapar urimeleg resultat, vil eg naturlegvis vurdera om det er behov for endringar i regelverket. Denne problemstillinga krev at mange motstridande omsyn må vurderast opp mot kvarandre og det er for tidleg å seie noko om utfallet av ei slik vurdering.