Skriftlig spørsmål fra Dagfinn Henrik Olsen (FrP) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1077 (2021-2022)
Innlevert: 28.01.2022
Sendt: 31.01.2022
Besvart: 07.02.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Dagfinn Henrik Olsen (FrP)

Spørsmål

Dagfinn Henrik Olsen (FrP): Vil statsråden bidra til å endre regelverket slik at ikke flere går i den såkalte «uførefella» og med det lider store økonomiske tap for å benytte seg av sin restarbeidsevne og stå i større stillingsbrøker i kombinasjon med uførepensjon?

Begrunnelse

I Fagbladet 26. januar kunne vi lese om Anne Kallset som har gått i den såkalte «uførefella» og som taper store summer på å ha valgt å stå lenger i arbeid i en større stillingsbrøk. NAV krever 50 prosent redusert arbeidsevne for å få uførepensjon, Kallset mente hun kunne jobbe mer og søkte derfor 40 prosent uførepensjon gjennom pensjonskassen KLP. Dette straffes hun økonomisk for nå når hun ikke lenger klarer å stå i 60 prosent stilling.
Uførereformen hadde mye godt ved seg. Det er bra at det nå er lettere å kombinere arbeid og uføretrygd. Samtidig viser historien til Kallset at det er svakheter i regelverket. Fremskrittspartiet mener det skal være mulig å kombinere uføretrygd og arbeid på en slik måte at det lønner seg å benytte sin restarbeidsevne. For Fremskrittspartiet er det helt åpenbart at arbeidstakere ikke skal tape på å prøve å stå lengst mulig og så mye som mulig i jobb.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Spørsmål nr. 1072 frå stortingsrepresentant Kirsti Bergstø som omhandlar same konkrete tilfelle som det blir vist til i dette spørsmålet. Eg viser til mitt svar til Kristi Bergstø for ei forklaring av regelverket og kva vurderingar som har vorte gjort om inngangsvilkåra i folketrygda og i offentleg tenestepensjon.
Under regjeringa Solberg vart det innført overgangsreglar som varetek dei som ein periode mottar gradert uførepensjon frå offentleg tenestepensjon og som seinare får auka uføregrad og innvilga uføretrygd frå folketrygda. Overgangsreglane gjeld berre dei som har fått innvilga uførepensjon før 2015, altså før uføreordningane vart lagt om. Når overgangsreglane vart innførte var den dåverande regjeringa tydelege på at nye mottakarar ikkje skulle skjermast for effektane av eit lågt utrekningsgrunnlag i folketrygda. Altså dei effektane som Anne Kallset no opplever. Representant Olsen skriv at for Framstegspartiet er det heilt openbart at arbeidstakarar ikkje skal tapa på å prøva å stå lengst mogleg og så mykje som mogleg i jobb. Eg vil minna representanten om at Framstegspartiet var ein del av Regjeringa Solberg då overgangsreglane vart innførte og då det vart vurdert at nye tilfelle ikkje skulle skjermast.
Når eg blir gjort kjent med regelverk som nokon meiner skapar urimeleg resultat, vil eg naturlegvis vurdera om det er behov for endringar i regelverket. Denne problemstillinga krev at mange motstridande omsyn må vurderast opp mot kvarandre og det er for tidleg å seie noko om utfallet av ei slik vurdering.