Birgit Oline Kjerstad (SV): Alle løyver om å sette ut fuglar og andre artar i miljøet må skje på grunnlag av eit godt kunnskapsgrunnlag om både miljøpåverknad og dyrevelferd.
Kva vil Landbruks- og matdepartementet gjere for å sikre at rapporten frå Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) ligg føre i god tid før sesong for utsetting av fasan og rapphøns i år, og i god tid innan 1 mars 2022?
Begrunnelse
Klima og miljødepartementet og Landbruks og matdepartementet har i brev datert 6. oktober 2021 gitt eit oppdrag til Miljødirektoratet og Mattilsynet om å tinge ei vurdering av miljømessig påverknad og dyrevelferdsmessige fylgjer ved utsetting av fasan og rapphøns frå Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM). I brevet understreker departement at arbeidet med med dette oppdraget er gitt høg prioritet, slik at rapporten kan leggast fram før søknadshandsaminga neste år, og seinast innan 1. mars 2022. Mattilsynet har svara på førespurnad om innsyn i saka før årsskiftet, at dei ikkje greier å sende oppdraget til VKM innan fristen som vart sett, og i alle fall ikke før i neste år, altså 2022. Det er i alle partar si interesse at styresmaktene avklarer fylgjene av kunnskapsgrunnlaget knytt til dyrevelferd og miljø i samband med utsetting av fasan og rapphøns i god tid før neste sesong.