Skriftlig spørsmål fra Mari Holm Lønseth (H) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1106 (2021-2022)
Innlevert: 01.02.2022
Sendt: 01.02.2022
Besvart: 04.02.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Mari Holm Lønseth (H)

Spørsmål

Mari Holm Lønseth (H): Kan statsråden gi en status for de ulike tiltakene i integreringsstrategien "Integrering gjennom kunnskap", herunder også en oversikt over hvordan regjeringen planlegger å følge opp tiltakene videre?

Begrunnelse

Regjeringen Solberg presenterte i 2019 en ny integreringsstrategi "Integrering gjennom kunnskap". Strategien inneholdt en rekke tiltak som det bes om en status på.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Som representanten skriv var det den førre regjeringa som la fram strategien «Integrering gjennom kunnskap». Strategien vart lagd fram i oktober 2018 og gjaldt for perioden 2019-2022. Eg kan ikkje gå i detalj på korleis førre regjering følgde opp strategien, men strategien er vidareførd og gjeld ut 2022. Eit fleirtal av tiltaka har vore iverksette og arbeidet blir framleis følgd opp av dei ansvarlege sektordepartementa.
Regjeringas hovudmål for arbeidet med integrering er å få fleire i arbeid, byggje sterke fellesskap og gode fellesarenaer, fremje likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll. Integreringspolitikken skal legge vekt på raskare sakshandsaming og på arbeidslinja.
Det er sentralt for at innvandrarar med fluktbakgrunn skal kome inn i det norske samfunnet så fort som mogleg, lære språket og delta på lik linje med alle andre. Regjeringa vil difor styrke kompetanselinja, og dimed arbeidslinja, i integreringspolitikken. Me er i gong med å styrke kvalifiseringsordningane for innvandrarar. Me vil også sørgje for at arbeidsinnvandrarar får betre opplæring i språk, tryggleik på arbeidsplassen og kjennskap til den norske arbeidslivsmodellen.
Sivilsamfunnet og frivillige organisasjonar er viktige møteplassar og aktørar som bidrar til integrering. Regjeringa vil difor styrke dei frivillige organisasjonane si rolle i integreringsarbeidet. Til saman er det løyva om lag 195,2 mill. kroner til frivillig innsats på integreringsfeltet i 2022.
For å kjempe mot negativ sosial kontroll vil me jobbe for sterke kompetansemiljø og gode hjelpetenester. Me vil og styrke arbeidet for å hindre at foreldra etterlet barn og unge i utlandet mot si vilje. Det er nyleg satt ned eit lovutval som skal gjere ei heilheitleg utgreiing av juridiske problemstillingar i sakar som gjeld negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald.
For å få til god integrering er det og viktig å auke innsatsen mot rasisme og diskriminering. Me treng strukturelle tiltak. Difor er regjeringa i gang med ein ny handlingsplan på det området. Vidare skal ein ekstremismekommisjon gå djupare inn i korleis ekstremisme oppstår og finne meir ut om kva slags tiltak som fungerer for å førebygge og motverke radikalisering og ekstremisme.
Regjeringa har hatt, og vil ha, fokus på innvandrarar under pandemien. Smitteverntiltaka har hatt negative konsekvensar for deltakarar i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap, blant anna på grunn av tapt progresjon, mindre utbytte av program og opplæring, og ein meir krevjande arbeidsmarknad. Stortinget vedtok nyleg ein tilleggsproposisjon (Prop. 51 S (2021-2022) der regjeringa føreslo å utvide introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap med inntil fire månader. I tillegg blei det gitt tilskot til frivillige organisasjonar og kommunar for å gi informasjon og for å bidra til å auke vaksinasjonsgraden blant innvandrarar. Under pandemien har utfordringar på feltet blitt meir synlege og forsterka. Det er utfordringar det er viktig at me i fellesskap gjer noko med.