Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1115 (2021-2022)
Innlevert: 01.02.2022
Sendt: 02.02.2022
Besvart: 07.02.2022 av kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Når og korleis vil regjeringa Støre følgje opp framlegget som vart sendt ut på høyring av regjeringa Solberg i juni 2021 om forenkla regelverk for mikrohus til bustadføremål?

Begrunnelse

Regjeringa Solberg sende i juni 2021 ut på høyring framlegg til forenkla reglar for mikrohus. Framlegget gjekk mellom anna ut på forenkla reglar i byggteknisk forskrift (TEK17) og byggesaksforskrifta (SAK10), gjeldande for frittliggande mikrohus til bustadføremål med maksimalt bruksareal på 30 m². Høyringsfristen for framlegget var i september 2021.
Det er viktig at slike nye reglar kjem på plass raskast råd, for å legge til rette for at mikrohus kan bli eit meir attraktivt bualternativ for rimelege og miljøvenlege bustader med låg energibruk. Eg ønskjer difor å vite kva som er planlagt framdrift for ferdigstilling av nytt og oppdatert regelverk for mikrohus til bustadføremål, og om regjeringa Støre vil følgje opp dei forenklingsframlegga som regjeringa Solberg foreslo i høyringa.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Interessa for å byggje og bu i mikrohus har auka dei seinare åra. Eg meiner at regelverket bør leggje til rette for at folk kan velje ulike buformer. Reglane bør ikkje unødvendig hindre at dei som ynskjer det kan bu i mikrohus. Samstundes skal reglane verne om fleire omsyn, og mellom anna medverke til eit godt forbrukarvern for dei som bur i mikrohus.
Eit framlegg om forenkla reglar for mikrohus til bustadføremål har vore på høyring. Høyringa har gjeve nyttige innspel i arbeidet, og løfta fram omsyn som det er viktig å balansere i regelverket. Departementet går nå gjennom innspela, med sikte på snarast råd å klargjere korleis høyringsframlegget skal følgjast opp.