Liv Kari Eskeland (H): Kva grunnlag har statsråden for å seie at han på generelt grunnlag er kjend med at syntetiske tekstil som polyester kjem best ut for nokre miljøpåverknader, medan for andre miljøkategorier har naturtekstiler mindre negativ påverknad?
Begrunnelse
Underteikna har ved fleire høve teke opp forhold kring PEF ordninga som no er i prosess i EU. Viser her til departementa sine svar på mine spørsmål nr. 264, 746 og 785.
I statsråden sitt svar på mitt spørsmål 264 kjem det fram at ein på generelt grunnlag er kjend med at syntetiske tekstil som polyester kjem best ut for nokre miljøpåverknader. Det er av stor interesse å få vite kva dokumentasjon departementet sit på som underbygger ein slik påstand.
Det kjem fram av svara som er motteke at arbeidet med PEF er venta å ta noko tid, og at arbeidet er venta å vera ferdigstilt innan tre år. Det er likevel no grunnlaget for det ferdige resultat vert lagt, og det er no Noreg har høve til på sikre at norske kvalitetsprodukt av ull får sin rettmessige plass i ei rangering innan berekraft.