Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden sørge for at strømstøtteordninga også omfatter dei som er folkeregistrert i ein fritidsbustad i matrikkelen?
Begrunnelse
Eg har fått melding frå nokon av innbyggjarane i min heimkommune Austevoll som bur fast i kommunen i ein bustad som kommunen har godkjent som bustad, men som i matrikkelen står som fritidsbustad. Desse faller utanom strømstøtteordninga. Det hadde vore betre å gitt ordninga til dei som er folkeregistrert ein stad framfor matrikkelføringa av den aktuelle eining. Då ville tilfeller som dette, som det sikkert er fleire av, kome inn under ordninga.