Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa gjere noko for å hjelpe folkehøgskular som slit med høge straumrekningar?
Begrunnelse
Brorparten av dei 86 folkehøgskulane i Norge ligg i sonane der straumprisen har vore eksepsjonelt høg denne vinteren.
Folkehøgskulane har ein nøktern økonomi der statlege tilskot skal dekke undervising, og elevbetalinga er fastsett i god tid før skulestart og ikkje ein faktor ein kan justere.
Folkehøgskulane har heilt marginalt med oppspart kapital til å ta seg av slike store meirutgifter. Det har tidlegare vore gode kompensasjonsordningar til folkehøgskulane når det har vore naudsynt, mellom anna i samband med meirutgiftene som følgde av koronapandemien.
Det er mange folkehøgskular som slit og vil slite med desse utgiftene gjennom året, med dei konsekvensane det vil kunne få for drift og for det faglege tilbodet.