Ingrid Fiskaa (SV): Stortinget har bedt om ein strategi for å styrka norsk veteranforsking.
Kvifor har dei viktigaste aktørane innanfor sivil forskning slik som RHFane med universitetssjukehusa, og HOD frå den sivile forvaltninga, ikkje deltatt frå starten i arbeidet med operasjonaliseringa av Stortingets forskningsvedtak, og kvifor deltar dei framleis ikkje – kva vil regjeringa gjera med dette?
Begrunnelse
Urovekkande mange veteranar har psykiske helseplager etter tenesta ute. Dei fleste av dei som treng behandling får det hos sivile behandlarar og ved sivile behandlingsinstitusjonar. Det er også ved sivile behandlings-, forskings- og utdanningsinstitusjonar alle ansvarlege behandlarar får utdanninga si, og det er her vi finn dei klart største og viktigaste forskningsmiljøa.
15. oktober 2020 behandla Stortinget den nye veteranmeldinga Meld. St. 15 (2019-2020) «Også vi når det blir krevet – veteraner i vår tid», og gjorde då eit samrøystes vedtak om veteranforskning:
«Stortinget ber regjeringen legge frem en kartlegging av prioriterte forskningsområder relatert til forsvarspersonell i utenlandstjeneste. Denne skal legge grunnlaget for en strategi for norsk veteranforskning.»
Dette vart oppfatta som eit historisk viktig vedtak fordi styresmaktene heilt sidan den første veteranmeldinga har forplikta seg til å legga til rette for veteranforskning også i sivile forskningsmiljø, utan at ein har sett vesentlege resultat av dette. Nå var det tydeleg, med eit samrøystes Storting og med komitéens merknader, at ein ønska å styrka norsk veteranforsking og dermed inkludera viktige sivile forskningsmiljø i arbeidet. Dåverande forsvarsminister Frank Bakke-Jensen uttalte også at arbeidet skulle skje i nært samarbeid med andre departement, veteranorganisasjonane og forskingsinstitusjonar i militær og sivil sektor.
Forsvarsdepartementet har likevel utforma eit mandat for eit forskningsforum utan å inkludera dei viktigaste sivile aktørane. For eksempel har HOD og RHF - dei regionale helseføretaka med universitetssjukehusa – ikkje vore inne i dette arbeidet. Mandatet ber preg av at Forsvarets sanitet skal styra all veteranforskinga, og at FD skal kontrollera finansieringa av forskinga.
Mandatet som er lagt ut på regjeringen.no påstår at dei viktigaste sivile forskningsmiljøa faktisk deltar i arbeidet. Det blir vist til sivil deltaking gjennom sjef FSAN sitt råd for medisinsk og helsefagleg forsking. Deltakarane som blir nemnt er universiteta i Tromsø, Oslo, Bergen, St Olavs Hospital, Oslo universitetssykehus og FHI, men desse forskingsmiljøa er ikkje representert i rådet.