Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1276 (2021-2022)
Innlevert: 15.02.2022
Sendt: 16.02.2022
Besvart: 22.02.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): På kva måte vil regjeringa legge til rette for at frivillige også i år og åra framover kan gi oss gode, historiske opplevingar på det nasjonale jernbanenettet, slik dei kunne under førre regjering, og kva grep gjer regjeringa for å støtte opp om drifta til det frivillige miljøet av museumstog over heile det norske jernbanenettet?

Begrunnelse

Jernbanen og jernbanehistoria bind store delar av Noreg saman. Museumstog på det nasjonale nettet gir dei delane av landet som ikkje har eigne museumsbanar høve til å alle sjå og lære korleis den teknologiske utviklinga på jernbanen har vore dei siste 160 åra.
I Hurdalsplattformen har regjeringa skrive at ein «i større grad vil legge til rette for at museumsbanane og historisk jernbanemateriell blir varetatte». Drifta på norske museumsjernbanar blir i dag forvalta i hovudsak av frivillige, som kvart einaste år legg ned titusenvis av timar med dugnadsarbeid. Mykje av dette arbeidet krev høg kompetanse i ulike fag. Dei held ved like, restaurerer og bemannar tog, og dei står for sal og marknadsføring av historiske togreiser både på det nasjonale jernbanenettet og på museumsbanane. Gjennom denne innsatsen blir jernbanehistoria formidla og -utviklinga til barn ungdom og alle interesserte i kultur- og teknologihistorie.
Under førre regjering opplevde ein ei fantastisk feiring av Dovrebana sitt 100-årsjubileum, der ein set opp museumstog frå Oslo til Trondheim og tilbake. Toget var i sin heilskap bemanna av frivillige frå Norsk Museumstog, ein del av Norsk Jernbaneklubb. Totalt vart det lagt ned frivillig arbeid for mange hundre tusen kroner, berre i dette eine prosjektet.
Norsk Jernbaneklubb driv forutan museumstog på det nasjonale nettet museumsbanane Krøderbanen i tidlegare Buskerud, og Gamle Vossebanen utanfor Bergen. Klubben bidrar såleis med eit tilbod både på «lukka banar» der ein sjølv held ved like og driftar infrastruktur og støttetenester, og på det nasjonale jernbanenettet, der ein er avhengig av bistand både frå Bane NOR, og frå Jernbanedirektoratet med omsyn til formelle godkjenningar.
I 2022 er det frivillighetens år. Ei rekke jernbanestrekningar har også jubilé i 2022.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Dei frivillige si innsats er stor og verdifull for Noreg. Dei har mellom anna ein brei og viktig kompetanse om jernbanen og bidreg til å formidle historien om norsk jernbane til det norske folk.
Norsk jernbanemuseum forvaltar på vegne av Jernbanedirektoratet «Tilskot til kulturminne i jernbanen». I 2022 er det i denne ordninga sett av 23,6 millionar kroner, hovudsakleg til museumsbanar og frivillig jernbanehistorisk arbeid. Både Norsk Museumstog og Norsk Jernbaneklubb er blant mottakarane av prosjektmidlar frå denne tilskotsordninga.
Eg er blitt gjort merksam på at det er nokre utfordringar med køyring av museumstog. Dei historiske toga har eit vedlikehaldsetterslep, og aktørane som driv med historisk jernbanemateriell har peikt på at Bane NOR sitt krav frå 2021 om hus- og sporleige er utfordrande. Når nytt signalsystem (ERTMS) innførast på jernbanen må toga og ha utstyr som tek inn signala frå det nye signalsystemet.
Regjeringa er oppteken av å legga til rette for at museumsbanar og historisk togmateriell i større grad blir ivareteke. Dette er fylgt opp ved at Samferdselsdepartementet har gjeve Jernbanedirektoratet i oppdrag å vurdera behov for, og eventuelt korleis, staten kan legga til rette for at museumsbanar og historisk togmateriell i større grad blir ivareteke. Direktoratet er godt i gang med arbeidet som og omfattar dialog med dei frivillige miljøa.