Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1283 (2021-2022)
Innlevert: 16.02.2022
Sendt: 16.02.2022
Besvart: 21.02.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Korleis kan Samferdselsministeren stille seg bak at Statens vegvesen legg inn omfattande bompengar på strekninga E39/136 Vik til Ørskogfjelllet der trafikken på E136 skal måtte betale bompengar for nokre hundre meter veg for finansiering av Møreaksen som denne trafikken ikkje har nytte av (Trafikken er betydeleg frå Ålesund til Vik, noko som betyr at dersom dette blir gjennomført så vil Sunnmøringane måtte betale ein svært stor del av finansieringa av Møreaksen, som blir oppfatta som eit direkte "RAN")?

Begrunnelse

Samferdselsutvalget i Møre og Romsdal fylke har i sitt møte den 27/10-2021 behandla høyring frå Statens vegvesen ang E39 Ålesund -Molde del Digerneset- Ørskogfjellet.

«Samferdselsutvalet vil gje følgjande innspel til planarbeidet:
Fylkeskommunedirektøren sitt notat av 14.10.2021 viser at planarbeidet vil utfordre mange av berekraftmåla, både nasjonale og regionale.
Som døme vil

- veg i dagen gjennom Solnørdalen sette til side nasjonale og lokale verneplanar og øydelegge bumiljø, landbruksområde, friluftsområde og naturmangfald
- dei trasèane som er skissert med veg i dagen gjennom Svorta-Valleområdet vere uakseptable for bumiljø, jordvern og for kvalitetane i strandsonen
- dei skisserte trasèane ikkje bidra til mindre energibruk og klimagassutslepp på grunn av stigningsforhold og lengde
- tilknytinga til E 39/E136 frå kommunane både frå indre og ytre bli dårlegare enn i dag
Det er allereie kome mange og godt grunngjevne innspel frå berørte partar, og også med forslag og krav om alternative trasèar.
På bakgrunn av dette vil samferdselsutvalet tilrå at Statens vegvesen ber om nytt og utvida mandat for å sjå på det beste trasèvalet for strekninga Ålesund-Vestnes.»

Det er total forvirring ikring trasevalg og løysingar for ny E39/136 frå Digerneset til Ørskskogfjellet, og frustrasjonen er stor i Ålesundsregionen samt resten av Sunnmøre.
E136 Eksportvegen for Møre og Romsdal er fylkest sin viktigaste veg, som går frå Ålesund til Bjorli. I planarbeidet frå STVV er heile traseen frå Ålesund til Tresfjordbrua endra frå det opprinnelege som skulle vere firefeltsveg som no har blitt stort sett planar om tofelts og lågare fart. Statens vegvesen held på med framlegg om reguleringsplan frå Vik til Ørskogfjellet, eit framlegg som er totalt greinalaust med tanke på fokuset på E136. Trafikken frå Tresfjordbruka og E136 er tenkt lagt under E39 til Molde og med stor stigning og ei løysing som er totalt uakseptabel.
Statens vegvesen har altså tenkt å dele opp ny E39/136 med fleire bompengeproposisjonar, der ein i del Vik til Ørskogfjellet har planlagt bompengar på all trafikken til E136, som i realiteten er eit "RAN" av næringstrafikken ut av Møre og Romsdal for å finansiere ei fjordkryssing av Møreaksen som denne trafikken ikkje har nytte av.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har ansvar for planlegging og bygging av E39 Ålesund-Molde. Planlegginga av traséar og løysingar skjer innafor dei vedtekne konsepta for E39 mellom Ålesund og Molde. Statens vegvesen skal føreslå ei utbyggings- og finansieringsplan innafor dei rammene som er sett i Nasjonal transportplan 2022-2033, jf. Innst. 653 S (2020-2021) og Meld. St. 20 (2020-2021).
Stortinget har lagt til grunn at utbygginga av E39 Ålesund-Molde skal delfinansierast med bompengar. Prinsippa for berekning og innkreving av bompengar er gitt i ein veileiar som er offentleg tilgjengeleg på autopass.no.
Eit berande prinsipp som departementet legg til grunn for bompengar i strekningsvise prosjekt er nytteprinsippet. I dette ligg det at det er dei som får nytte av eit prosjekt som skal betale for det. Som statsråd vil eg sørge for at ein ikkje betalar for nytte ein ikkje får. Ut frå dette er det vanleg å etablere fleire bomstasjonar i eit prosjekt, slik at ein berre betalar for den strekninga ein køyrer.
Statens vegvesen vil såleis legge nytteprinsippet til grunn både for berekning av bompengenivået og for plassering av bomstasjonane i E39 Ålesund-Molde. Bompengane som blir trekte inn i dei einskilde stasjonane blir berekna ut frå nytten på strekninga. Nytten kjem særleg av innsparing i reisetid.
Statens vegvesen planlegg at bomstasjonen for delstrekninga Ørskogfjellet-Vik i Vestnes kommune blir plassert mellom kryss på Ørskogfjellet og kryss på Vik. Slik vil trafikken som kjem frå Ørskogfjellet og skal følgje E136 mot Tresfjordbrua og Åndalsnes, ikkje betale i denne stasjonen. Denne løysinga gjer også at det vil vere mogleg å køyre bomfritt mellom Ørskogfjellet og Vik på dagens E39 og fv. 661.
Statens vegvesen sitt forslag til bompengeopplegg for E39 Ålesund-Molde skal bli behandla i dei kommunane vegen går gjennom og i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ei slik lokalpolitisk behandling er ein føresetnad for alle bompengeprosjekt.