Skriftlig spørsmål fra Kirsti Bergstø (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1333 (2021-2022)
Innlevert: 18.02.2022
Sendt: 21.02.2022
Besvart: 28.02.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Kirsti Bergstø (SV)

Spørsmål

Kirsti Bergstø (SV): På hvilken måte har statsråden satt Nav i stand til å hjelpe folk med betaling av høye strømregninger, slik avtalen SV og regjeringspartiene ble enige om?

Begrunnelse

Vi får mange henvendelser fra folk som til tross for dårlig økonomi og en krevende livssituasjon, ikke mottar strømstøtte fra Nav. Flere har også gitt tilbakemelding om at denne ordningen er ukjent for Nav. Ordningen skulle sikre at folk som ikke kunne betale uforutsette og høye strømregninger, skulle få hjelp til det uten å måtte innfri kravene for å motta økonomisk sosialhjelp. I enigheten skulle folk vurderes etter sosialtjenestelovens § 19, stønad i særlige tilfeller, og at det fra Nav sin side skulle utvises særlig skjønn i behandling av søknader knyttet til dekning av høye strømutgifter, med mål om å hindre at folk kommer i en vanskelig økonomisk situasjon på sikt.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: I avtalen mellom regjeringspartia og SV er det semje om å sikre at folk som har behov for økonomisk støtte til straumutgifter vurderes etter sosialtenestelova § 19 og at det frå NAV si side blir utvist særleg skjønn i behandling av søknader om dekning av høge straumutgifter. Det er ikkje etablert ei særskild straumstøtteordning i NAV som tek utgangspunkt i sosialtenestelova § 19. Kommunane har like fullt høve til å gi økonomisk støtte til dei som treng det for å overvinne eller tilpasse seg ein vanskeleg livssituasjon, sjølv om vilkåra for økonomisk stønad i sosialtenestelova § 18 ikkje er oppfylt.
På bakgrunn av den ekstraordinære situasjonen med høge straumprisar, sendte eg et brev til landets kommunar 3. november 2021. I brevet redegjorde eg for vurderinga av straumutgifter ved behandling av saker etter sosialtenestelova §§ 18 og 19. Eg pekte blant anna på at det er viktig at kommunen i samarbeid med mottakaren vurderer om auka straumutgifter gjer at behovet for stønad aukar. Eg understreka også at søknad om hjelp til å betale ei unormalt høg straumrekning kan vere eit eksempel på ein situasjon der stønad kan hjelpe til at vedkomande kan ”overvinne ein vanskeleg livssituasjon”, jf. sosialtenestelova § 19.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i ettertid og bedt om at Arbeids- og velferdsdirektoratet på eigna vis undersøkjer og ved behov forsikrar seg om at intensjonen i brevet til kommunane blir følgde opp i dei lokale NAV-kontora. Hovudinntrykket, etter at direktoratet mellom anna har vært i kontakt med statsforvaltarane, er at det i saker som gjeld straumugifter blir foretatt konkrete og individuelle vurderingar i den einskilde saka, og at intensjonen i mitt brev til kommunane blir fulgt opp. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i ettertid heller ikkje motteke henvendelser som tyder på at kommunane ikkje gjer korrekte vurderingar av regelverket i sosialtenestelova. Eg har derfor tillit til at kommunane handterer situasjonen knytt til dei høge straumutgiftene på ein god måte.
Av andre tiltak som regjeringa har iverksatt for å hjelpe folk med å betale høge straumrekningar, viser eg til at bustøtta er utvida. Det er opna for at dei som ikkje søkte om bustøtte i desember, likevel kan søkje og få søknaden behandla i ettertid. Dei som får bustøtte, får også ekstrautbetalingar som straumhjelp i vinter. Utbetalingane i februar og mars er auka frå 1 500 til 2 500 kroner per husstand. Bustøtta er eit godt verkemiddel, men det når likevel ikkje alle. Derfor er styrkinga av rammetilskotet til kommunane som følgje av auka behov for sosialhjelp viktig for å hjelpe folk med betaling av høge straumrekningar. Stortinget vedtok 16. desember 2021 å styrkje rammetilskotet til kommunane med 100 mill. kroner for å dekkje auka utbetaling av sosialhjelp som følgje av høge straumprisar. Tilskotet til kommunane er for 2022 auka med ytterlegare 300 mill. kroner.