Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1334 (2021-2022)
Innlevert: 18.02.2022
Sendt: 21.02.2022
Besvart: 25.02.2022 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Er det i tråd med arbeidsmiljølovgjevinga at tilsette må stille opp på arrangement, promotering og kursverksemd i regi av arbeidsgjevar utan betaling?

Begrunnelse

Avisa Oslo har denne veka omtalt forhold ved ein frisørsalongkjede i Oslo der dei tilsette fortel at dei ikkje får betalt for å vere til stades på arrangement og kurs i regi av bedrifta, samstundes som deltaking på slike aktivitetar er kontraktsfesta.
I tillegg jobbar dei tilsette på provisjon, og får dermed inga betaling når dei må jobbe som del av marknadsføringskampanjar der kjente kundar slepp å betale.
Det vil vere av interesse om statsråden kan avklare om denne typen praksis og kontraktsklausular er lovlege eller om dei bryt med gjeldande arbeidsrettslege reglar.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Bakgrunnen for spørsmålet er, slik eg forstår det, oppslag i Avisa Oslo der det vert hevda at dei tilsette i ei frisørkjede har måtta gjere einskilde arbeidsoppgåver, slik som å delta på ulike promoteringsarrangement og kurs, utan å få betaling for dette. I tillegg skal dei tilsette i ein periode ha vore naude til å klippe enkelte kundar, då særleg kjendisar, gratis.
Utgangspunktet i norsk rett er at vi ikkje har reguleringar knytte til løn i lov, med unntak for bransjar der det føreligg føresegner om allmenngjering av tariffavtale. I hovudsak vert løn avtalt gjennom forhandlingar om tariffavtalar mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar, eller mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar der desse ikkje er organiserte. Arbeidsmiljølova stiller derfor heller ikkje krav til løn, med unntak for krav til betaling for overtid. Om det er høve til å krevje at tilsette skal delta på ulike arrangement i regi av arbeidsgivar utan løn, må derfor avgjerast på bakgrunn av ei tolking av den aktuelle arbeidsavtalen.
Samstundes vil eg understreke at det er arbeidsgivaren sitt ansvar å sørgje for å tilby arbeidstakarane sine ryddige og ordna lønns- og arbeidsvilkår. Eg vil også meine at det er eit generelt akseptert prinsipp i det seriøse arbeidslivet i Noreg at arbeidstakarar skal ha betaling for dei arbeidsoppgåvene dei gjer. Dette fylgjer av prinsippet om «yting mot yting», der det at arbeidsgjevar betalar løn er den viktigaste motytinga for at arbeidstakar stiller arbeidskrafta si til disposisjon for arbeidsgjevar.
Eg vil dessutan nemne om at sjølv om det skulle vere avtalt deltaking i kurs og promotering i regi av arbeidsgjevar (utan betaling), vil slike arrangement etter omstenda likevel kunne måtte bli rekna som arbeidstid, særleg der deltaking er obligatorisk og der arbeidstakaren må seiast å stå til disposisjon for arbeidsgivar. Det er arbeidsgivar sitt ansvar å sørgje for at den totale arbeidstida held seg innafor dei rammene som arbeidsmiljølova fastset.
Denne saka illustrerer etter mi meining viktigheita av å vere organisert, både for arbeidsgjevar og arbeidstakar. Dei gjeldande tariffavtalene – og forhandlingane bak dei – sikrar ein rettferdig balanse mellom arbeidstakarane og arbeidsgjevarane sine interesser.
Det er mellom anna derfor denne Regjeringa har tatt mål av seg til å auke organisasjonsgraden og styrke trepartssamarbeidet.